Gå til hovedinnhold

Tema: Biologisk lyd


Dykkar set ut hydrofon og kamera
Fotograf: Havforskningsinstituttet

Livet under havoverflata er ikkje så stille som ein gjerne skulle tru. Både fisk og sjøpattedyr kurtiserer, skremmer kvarandre og deler informasjon ved hjelp av lyd, og i vatnet ber lyden ekstra langt.

Havet vert gjerne sett på som eit stille univers, men dette er langt frå sanninga. I vatn blir lyden leia raskare og meir effektivt enn i luft, og han ber også over lengre avstandar. Det er difor ikkje så rart at fisk og andre marine dyr brukar lyd til å kommunisere. Under vatn kan høyrselen vere ein mykje meir effektiv sans enn synet, og denne sansen kan vere særleg nyttig på djupt vatn der det er lite lys.
 
Fisk har som kjent ingen lunger, og han lagar difor lyd på andre måtar enn menneske. Nokre fiskar lagar harde klikke- og raspelydar ved å gni finnestrålane mot kvarandre, medan andre lagar lyd ved å lage hydrodynamiske rørsler i vatnet. Andre igjen lagar ein puls ved å trekke saman symjeblæra, og dei kan til og med «rope» over lengre tid ved å gjenta desse samantrekkingane.

Høyr fisken her

Dei ulike fiskeartane har ulike lydar, og dei lagar også forskjellige lydar ut frå kva dei vil kommunisere. Lyden er ofte lågfrekvent (mellom 50 og 500 Hz) og han har typisk ein grunnpuls som blir repetert i ulike mønster og hastigheiter.

Brosme: 

Her kan du høyre ei brosme med aggressiv adferd: 

Sei: 

To grynt: 

Her høyrer du ein sei i aggresjon og frykt: 

Hyse: 

Næringskonkurranse: 

 

Aggressiv adferd:

 

Patruljering rundt agn

 

Aggresjon mellom to hyser

 

Torsk

To grynt:

Lang brummelyd:

Fleire grynt:

 

Lang, flott bop-serie:

 
Det er mest vanleg at fisken brukar lyd i samspel med annan fisk. Fisken kan typisk bruke lyd når han er aggressiv, når han skal trekke til seg partnar, når han hevdar reviret sitt, når han skal gyte eller befrukte egga, eller når han går i stim.
 

Også selen og kvalen snakkar

Også sjøpattedyr som ulike typar sel og kval kommuniserer med lyd.

Delfinartar, som nise og spermkval, brukar lyd til å finne mat. Dei sender ut klikkelydar, og når lyden treff ein potensiell matbit blir lyden reflektert tilbake som eit ekko. Ut frå styrken på ekkoet skjøner kvalen kvar byttet er, og slik kan han «sjå» i det mørke djupet ved hjelp av lyd.
 
Dei store bardekvalane, som blåkval og finnkval, kommuniserer med lågfrekvent lyd som kan bere mange tusen kilometer. Dette hjelper desse dyra til å finne kvarandre når dei er spreidde over verdshava. Faktisk rekk lyden så langt at om ikkje kontinenta hadde vore i vegen, så kunne ein blåkval som ropar mot vest, etter ei stund høyrt seg sjølv igjen frå aust etter at lyden hadde gått rundt jordkloden!
 
Spermkval: 

 

Knølkval: 

 

Slik gjer vi det

For å kartlegge korleis fisken og sjøpattedyra brukar og lagar lyd nyttar Havforskingsinstituttet ulike metodar. Forskarane gjer gjerne opptak av lyd ved å bruke hydrofonar, som er mikrofonar som kan stå under vatn, og lyden blir kopla til undervasskamera.
 

 
Ein kan også gjere opptak ved å bruke fjernstyrte instrumentplattformer som har utstyr for å gjere lydopptak og observere korleis fisk og sjøpattedyr oppfører seg.