Publisert: 08.11.2022
Det internasjonale rådet for havforsking (ICES) kunngjorde det oppdaterte kvoterådet i dag. Det erstattar det tidlegare rådet som blei gitt 30. juni. Bakgrunnen er at bestandsvurderinga er oppdatert etter det internasjonale botntråltoktet i juni–juli.
– Det er mest anslaget på rekrutteringa som er endra. 2020- og 2021-årsklassene er oppjustert med høvesvis 19 og 10 prosent, seier havforskar Bjarte Bogstad, norsk representant i den rådgjevande komiteen i ICES.
– I tillegg er antatt fangst i 2022 justert ned frå 20 207 til 17 779 tonn, basert på rapporterte fangstar i første halvår, legg Bogstad til.
Etter oppdateringa er kvoterådet for 2023 nesten det dobbelte av kvoterådet forskarane gav for 2022 (14 276 tonn).