Gå til hovedinnhold

– Vi kom vel i hamn til slutt


Mann i grå kåpe foran forskningsskip

Forskingsdirektør Geir Huse fortel at prosessen fram mot kvoterådet har vore nesten slik den pla vera. 

Fotograf: Christine Fagerbakke/HI

Noreg og Russland har blitt einige om neste års fiskekvotar i Barentshavet. – Det har vore eit spesielt år, men det er godt for bestandane i vårt nordlege matfat at avtalen no er vel i hamn, seier forskingsdirektør Geir Huse, HI. 

Noreg og Russland har blitt einige om ein avtale om kvotene for neste års fiske i Barentshavet. Les pressemeldinga frå regjeringa her. 

Det markerte eit midlertidig punktum for det som har vore ein uvanleg prosess mot målet for forskingsdirektør Geir Huse ved Havforskingsinstituttet (HI). Han har sjølv følgt forhandlingane. 

–  Det er godt nytt at norske styresmakter har fått avtalt med Russland kor mykje som skal fiskast i Barentshavet neste år. Det sikrar føreseieleg uttak av viktige bestandar, og det er avgjerande for at vi på lengre sikt forvaltar ressursane i dette havområdet på ein god måte, seier Huse. 

Frå ICES-råd til det første norsk-russiske kvoterådet 

Denne hausten kunne Havforskingsinstituttet og deira russiske kollegar leggja fram det første bilaterale kvoterådet for skrei, hyse, lodde og snabeluer. 

Vanlegvis blir kvoteråda til havforskarane forankra i det internasjonale havforskingsrådet ICES. Men ICES suspenderte Russland i mars 2022 etter åtaket på Ukraina. Det norsk-russiske fiskerisamarbeidet har derimot vore unntatt frå dei norske sanksjonane mot Russland. 

– Eg vil seie at prosessen har vore god. Men eg vonar sjølvsagt at det er eit unnatak, seier Huse. – På sikt vonar eg at vi kan koma tilbake til eit meir ordinært samarbeid der rådgjevinga frå oss havforskarar vil gå gjennom ICES igjen, seier Huse.