Gå til hovedinnhold

Ferdige med årets økosystemtokt og loddeovervaking i Barentshavet


foto av forskere i sving om bord på skip

Forskningspersonell i sving med sortering av fangsten i en bunntrål om bord på "Johan Hjort".

"Johan Hjort" gjekk til Kirkenes onsdag. Dermed er vår del av det norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet 2022 avslutta for i år. Toktleiar Georg Skaret gir her ei løypemelding om status for lodda.

Den årlege bestandsovervakinga for lodde i Barentshavet inngår i dette årlege toktet. Kunnskapen blir brukt til å gi kvoteråd for arten.

Lodda stod lengre nord i år enn ho har gjort sidan 2013, og i dei sentrale beiteområda var det svært lite av store dyreplankton, noko som kan tyde på nedbeiting og at lodda må vandre lengre for å finne mat. 

Lengde ved alder var låg for både 2- og 3-åringar, noko som tyder på dårleg vekst. Det er truleg ein følge av konkurranse om føda.      

På russisk side hadde dei store tekniske problem med fartøyet i år, og det blei dermed inga dekning av lodda på russisk side av delelinja i Barentshavet.

Manglande data derfrå vil føre til stor usikkerheit i kvoterådet for 2023. 

Rådgjevingsmøtet blir gjennomført digitalt 10. og 11. oktober.

Rådet skal vere klart til det norsk-russiske fiskerikommisjonsmøtet som startar 17. oktober.

Les også meir om status for det norsk-russiske forskingssamarbeidet i denne saka.

Her har forskarane registrert lodde

kart med observasjoner av lodde
MX0B1625.jpg

Slik sjekkar forskarane stoda for alt liv i Barentshavet

Fisk, fugl, kval, sjøpølser, plankton, radioaktivitet, mikroplast og meire til. Bli med om bord på forskingsfartøyet «G.O Sars» på det 15. økosystemtoktet i Barentshavet.