Gå til hovedinnhold

Tema: Lodde – Barentshavet

Lodda er ein liten pelagisk fisk med utbreiing i polare og subpolare strok på den nordlege halvkula. Lodda er ein typisk pelagisk stimfisk som lever av planktonorganismar og er eit viktig bytte for rovdyr høgare oppe i næringskjeda, særleg torsk. Lodda i Barentshavet er eingongsgytar, dvs. at ho døyr like etter gyting.

I Nordaust-Atlanteren kan ikkje lodda forvekslast med andre artar, det einaste måtte vera sil, som liknar litt i kroppsform, men har eit mykje spissare hovudparti. 

Lodda er ein sentral organisme i økosystemet som effektivt beitar på plankton og sjølv er viktig føde for ei rekke predatorar. Først og fremst torsk et mykje lodde, men også grønlandssel, ulike kvalartar, sjøfugl og annan fisk har lodde på menyen.

Beiting og beitevandring

Stor munn og velutvikla gjellegitter gjer at lodda kan beite effektivt på planktonorganismar som hoppekreps, krill og amfipodar (tanglopper). Lita lodde beitar helst på hoppekreps, mens lodda frå ho er ca. 10–12 cm beitar meir på større plankton, særleg krill.

Om sommaren vandrar lodda nord- og austover i Barentshavet ettersom isen trekkjer seg attende nordover, og beitar i desse planktonrike områda utetter hausten. Utpå seinhausten vandrar fisken sørover, og om vinteren er bestanden sør for polarfronten og iskanten. 

Vekst

Lodda veks relativt fort og når 14–18 cm i løpet av 3–4 år. Hannane veks noko fortare enn hofisken, og vert litt lengre.

Gytevandring og gyting

Lodda, som når ei lengd på om lag 14 cm i løpet av hausten, byrjar å modna og gyt komande vår. Den modnande delen av loddebestanden vandrar mot kysten i januar–februar, og når gjerne land i byrjinga av mars. Ho gyt då langs kysten av Troms, Finnmark og Kola. Det føregår også ein del gyting seinare på året, såkalla sommargyting, då helst i Aust-Finnmark og austetter på russisk side av grensa.

Lodda lever heile sitt korte liv i Barentshavet, og dei fleste individa døyr etter å ha gytt første gongen, vanlegvis når dei er tre–fire år gamle. 

Før gyting får hannlodda ei karakteristisk gytedrakt som har gjeve lodda både sitt vitskaplege og norske namn. Han får då hårete, ‘lodne’ utvekstar langs sidelinja og ein sterkt forstørra og svartfarga gattfinne. Hofisken får inga særskilt gytedrakt.

Gytinga føregår ved botnen, for det meste på djup frå 20–60 m, der det finst sand, grus og singel. Egga klistrar seg til botn og ligg der til dei klekkjer etter ein månads tid. 

Tidlege livsstadium

Etter klekkinga kjem loddelarvane opp i dei øvre vasslaga og driv med straumen ut frå kysten og austetter, og om sommaren er dei spreidde over store deler av det sentrale og austlege Barentshavet. 

Unglodde som er i første og andre leveåret, står normalt lenger sør i Barentshavet enn eldre lodde. 

Fiskeri

På grunn av det korte livsløpet og enkelte år med svikt i rekrutteringa, fluktuerer loddebestanden voldsomt. Det har vore observert fire periodar med låg bestand sidan målingane starta i 1971, og dei første av desse blei karakterisert som bestandskollapsar. Fiskeriet etter lodde er stengt i periodane med låg bestand. I periodar med høgare bestand kan ein tillata fiskeri, men forvaltingsregelen seier at ein skal ta omsyn til torsken sitt konsum i rådgjevinga om loddefiskeri. I praksis skal fiskeriet etter lodde berre skje på overskotet etter at torsken har forsynt seg. Perioden 2014–2019 hadde høg torskebestand og svak lodderekruttering, og mellom 2016 og 2021 var det kun opning for fiskeri i 2018. Dei siste åra har torskebestanden gått ein del ned, og for lodde er 2019- og til dels 2020-årsklassene sterke, så loddebestanden er meir stabil og det har vore opning for loddefiskeri tre år på rad.

Utvikling i bestand og fangst av lodde i Barentshavet.
Utvikling i bestand og fangst av lodde i Barentshavet.

Utbreiing

Når bestanden av barentshavslodde har god rekruttering og overleving, er dette verdas største loddebestand. Han er utbreidd over heile Barentshavet, med hovudområde i dei sentrale deler av Barentshavet aust for Svalbard. Det finst også andre loddebestandar i dei nordlege deler av Atlanterhavet og Stillehavet, dei viktigaste held til ved Island/Aust-Grønland/Jan Mayen, Newfoundland og i Beringhavet. Ein har også enkelte små bestandar som er ulike både morfologisk, fysiologisk og genetisk frå dei store bestandane; ein av desse finn ein i Balsfjorden i Troms. 

Forsking og overvaking

Kartlegginga av barentshavslodda starta opp i 1960-åra, og innsatsen auka monaleg i byrjinga av 1970-åra, då ekko-integratoren kom i bruk.

Frå den tida har Havforskingsinstituttet gjennomført årvisse kartleggingar av mengde og utbreiing av lodda i Barentshavet, frå ca. 1980 i samarbeid med det russiske havforskingsinstituttet PINRO i Murmansk. 

I periodar har det vore fleire undersøkingar per år; om vinteren, under gyteinnsiget, på gytefelta, på larvane i juni og august, i tillegg til det viktigaste toktet i september–oktober, som har gått i heile perioden frå 1971. I seinare år har ein berre hatt denne haustdekninga som grunnlag for bestandsvurdering av loddebestanden, og frå og med 2004 har loddekartlegginga inngått som ein del av det store økosystemtoktet i Barentshavet som blir gjennomført i samarbeid med Russland. 

Ei systematisk uttesting av overvaking av gytelodde i februar–mars har også vore gjennomført av Havforskingsinstituttet i perioden 2019–2023 for å evaluera om eit slikt tokt kan brukast til å forbetra bestandsrådgjevinga. Kvaliteten på dette toktet er evaluert av ICES til å vera god nok til at resultata kan brukast som støtte i rådgjevinga, men det har vore for store utfordringar med områdedekning og implementering til at dette førebels er tatt i bruk i rådgjevinga.

Det er publisert mange arbeid på barentshavslodde ved Havforskingsinstituttet, og minst eitt doktorgradsarbeid har hovudsakleg basert seg på denne bestanden.