Gå til hovedinnhold

– Eit tilnærma normalt kvoteråd


Mann i grå kåpe foran forskningsskip

Forskingsdirektør Geir Huse fortel at prosessen fram mot kvoterådet har vore nesten slik den pla vera. 

Fotograf: Christine Fagerbakke/HI

Det første bilaterale kvoterådet for skrei, hyse og snabeluer i Barentshavet er no klart. 

I mars 2022 suspenderte det internasjonale havforskingsrådet ICES alle russiske deltakarar frå alle ICES-møter, med verknad frå onsdag 30. mars. 

Kvoteråda for fiskebestandane i Barentshavet pla normalt sett å bli forankra i ICES. 

Sidan Noreg har unnateke det norsk-russiske fiskerisamarbeidet frå sanksjonane mot Russland, vart det opp til Havforskingsinstituttet (HI) og deira russiske forskarkollegaer å finne ein ny prosess fram mot eit kvoteråd, utanom ICES. 

– Og det har vi no fått til, seier forskingsdirektør Geir Huse ved HI. 

– Det har sjølvsagt vore spesielt, det er eit svært trist bakteppe for situasjonen. Men vi har forsøkt å følgje den faste oppskrifta, så godt det har latt seg gjera. Vi har brukt den same forskingsforankra metodikken som i førre år, forklarer Huse. 

folk sorterer fisk på bånd om bord på båt
Norske og russiske havforskere samarbeider mellom annet om økosystemtoktet i Barentshavet. Her fra etappen til G.O. Sars i 2018. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

Det er forskingsgruppa under den norsk-russiske fiskerikommisjonen som no leverer det første bilaterale kvoterådet. Det er forskarar frå HI og VNIRO som deltek i denne forskingsgruppa. 

– Eg vil seie at prosessen fram mot dette bilaterale kvoterådet har vore god. Men eg vonar sjølvsagt at det er eit unnatak, og at vi etter kvart kan gjennomføre denne rådgjevinga gjennom ICES som normalt igjen, seier Huse. 

– ICES er leiande på sitt felt, med ein over hundre år gammal historie, eit ekspertnettverk med fleire tusen havforskarar, og alle råd gitt gjennom ICES går igjennom to rundar med grundig utforming av råd og kvalitetssikring. Dessutan har ICES eit sekretariat som yter viktige tenester i prosessen. 

Lang tradisjon for samarbeid 

Norske og russiske havforskarar har samarbeida tett i mange tiår. Forskarane har delt forskingsdata, reist på tokt og drøfta seg fram til kvoteråd for bestandane i Barentshavet i saman. 

Sidan 1958 har forskarar frå dei to landa møttest jamleg for å diskutere fag og planleggje felles tokt, konferansar og møter. I 1965 drog forskarane på sitt første felles tokt.

gruppebilder av mange forskere på en trapp
Norske og russiske forskere møtes normalt hvert år. Her fra Murmansk i 2019. Foto: Gunnar Sætra/HI 

I våre dagar samarbeider norske og russiske forskarar mellom anna om verdas mest omfattande økosystemtokt.

Data frå dette toktet dannar grunnlag for kvoteråd og anbefalingar til den heilskaplege forvaltinga av Barentshavet. 

HI sitt samarbeid med Russland skjer i all hovudsak gjennom det sentrale, russiske fiskeriforskingsinstituttet VNIRO si nordlege avdeling i Murmansk, som tidlegare bar namnet PINRO.