Forskningsfangst på årets brislingtokt i Hardangerfjorden.
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetToktleiar Cecilie Kvamme følger med på ekkoloddet.
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetPå toktet følger skipet forhandsbestemte linjer på kartet (transekt), mens forskarane loggar det dei ser på ekkoloddet.
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetTrålbas Jens Egil Standal hiver trålen (tar den opp). Trålprøver lar forskarane finne ut meir om alderen og storleiken til fisk i stimane.
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetFangstane er helst små, men representative.
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetI fiskelaben sorterer teknikar Øydis Brendeland brisling fra ungsild. Dei er svært like, men skjela til brislingen dannar ein egg på buken. Det enklaste er å kjenne med handa.
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetBrisling er ein fisk som ikkje blir særleg gammal. Bestanden er derfor følsom for svingingar i rekrutteringa (tilkomsten av "ny fisk").
Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HavforskningsinstituttetPublisert: 13.09.2022 Oppdatert: 16.09.2022
Sjå fleire bilde frå brislingtoktet på vår Facebook-side.
Forskarane kjem med eit eige råd for Trondheimsfjorden i november.
Råda bygger på data frå brislingtoktet med «Kristine Bonnevie» i august, saman med historiske data og fangstane i fiskeriet. (Sjå faktaboks om toktet.)
– I år som i fjor såg vi mykje brisling i Hardangerfjorden, men mest eittåringar. Ein del av desse igjen var under minstemålet på 10 centimeter, fortel bestandsansvarleg havforskar Cecilie Kvamme.
– I Sognefjorden var det også bra med fisk. Og der var det toåringane som dominerte, fortset ho.
Kvoteråda for begge desse fjordane blir sett ut frå medianfangsten i perioden 2002-2016, som i fjor.
I Nordfjord fann forskarane så og seie ingen brisling på toktet, med unntak av eit flak med veldig liten brisling heilt ytst i fjorden.
Dette gjer at forskarane tilrår at det ikkje blir opna for brislingfiske i Nordfjord, også som i fjor.
Sjå heile det tekniske kvoterådet frå Havforskingsinstituttet.
Seinare i haust skal forskarane måle mengdene brisling i Trondheimsfjorden som del av kystressurstoktet.
Først då kan dei seie kor mykje det vil vere forsvarleg å fiske der.
HI driv overvaking av brisling i dei fjordane der fiskeriet går føre seg.
Det er HI som gir kvoteråd for kystbrisling. Fiskeridirektoratet set dei endelege kvotane.