Latinsk namn: Sprattus sprattus
Andre namn: Sprat (engelsk og fransk), sprotte (tysk), espadín (spansk), skarpsill (svensk)
Familie: Clupeidae
Maksimumsstorleik: 19,5 cm og 54 g
Levetid: Sjeldan meir enn 4–5 år
Leveområde: Frå Svartehavet til Finnmark; i kyst- og fjordområda langs kysten frå svenskegrensa og nordover, men sjeldan nord for Helgelandskysten. Dei viktigaste områda er Austersjøen, Skagerrak–Kattegat og Nordsjøen
Hovudgyteområde: Er ikkje definert. I våre nærområde gyter brislingen pelagisk i Nordsjøen, Skagerrak–Kattegat og i fjordane
Gytetidspunkt: Lang gytesesong. Den viktigaste perioden antas å vere i mai–juni
Ernæring: Planktoneter med små krepsdyr (hoppekreps) som viktigaste føde. Brislingen er sjølv ein viktig matfisk for fisk og sjøfugl.