Publisert: 19.09.2022 Oppdatert: 27.09.2022
– Kvalane er det endelege målet for kveis, også kalla makk, seier forskar Paolo Cipriani.
– Sjølv om vi finn dei i innvollane og kjøtet hos fisk, er fiskane berre eit transportmiddel kveisen treng for å komme seg høgare opp i næringskjeda, fortset han.
Makken vi finn i mange fiskar og kvalar er parasitten Anisakis. I kvalane utviklar dei seg, parar seg og lagar tusenvis av egg. Det er det siste stadiet i livet deira som går gjennom ei rekke vertar.
Egga forlèt kvalane saman med avføringa og klekker, før dei blir etne av små skaldyr som igjen blir etne av fisk. Kvalane er øvst på næringskjeda og siste stopp i livssyklusen til kveisen. (Sjå illustrasjon over livssyklusen til Anisakis.)
I ein ny studie har forskarar frå Havforskingsinstituttet, Universitetet i Roma og andre europeiske samarbeidspartnarar undersøkt magane til 34 stranda kvalar i leit etter parasittar.
I dei fleste tilfella var pattedyra så fulle av kveis at det ikkje var praktisk mogleg å telle eller berekne graden av infeksjon. Vi snakkar tusenvis.
Hos kval er kveisen berre å finne i tarmsystemet – dei greier ikkje å gå inn i kjøtet og utgjer dermed inga fare for menneske som likar kvalbiff.
Forskarane gjorde genetiske analyser av hundrevis av makkar frå totalt 11 kvalartar, som niser, delfinar, bardekvalar og spermkvalar.
Dyra stranda på kyststrekk langs Nordaust-Atlanteren og Middelhavet (i Norge, Færøyane, Skottland, Spania, Italia og Hellas).
– Vi har identifisert fem hovudartar av kveis, og fann eit klart mønster for kva type kvalar dei føretrekker og kva farvatn dei held til i, seier Cipriani.
Anisakis simplex, som er vanlegast i Norge, er for eksempel lite kresen når det gjeld både fisk og sluttvert. Men dei føretrekker delfinar og bardekvalar.
Andre artar av kveis, som Anisakis physeteris, fann forskarane berre i spermkvalar og dvergspermkvalar.
Her har dei totalt 34 kvalane frå 11 ulike artar stranda. Illustrasjon frå den vitskaplege artikkelen.
Dette forklarer forskaren som resultatet av millionar av år med utvikling og tilpassing. Den «korrekte» parasitten, er den som ender opp i den spesifikke sluttverten.
Forskar Paolo Cipriani er glad for å ha funne eit rikt mangfald av kveis i kvalane.
– Kveisen høyrer til i økosystemet. Det er eit godt teikn når vi finn dei som eit tydeleg innslag i næringskjeda, særleg i nordlege strøk.
– Til tross for den enorme påverknaden menneska har hatt på naturen, ligg forholda framleis til rette for kveisen. Det tyder på ein viss stabilitet i næringskjeda, og at fleire kvalartar no hentar seg inn igjen etter utraderingane frå kvalfangsten på 1700-talet, seier Cipriani.
Dei nye funna lar også forskarane følge med på endringar i framtida.
HI har allereie ei overvaking av parasittar i kommersielt utnytta fisk, ettersom det angår forbrukarane.
For å følge opp med pattedyr, har parasittologane og sjøpattedyrforskarane no gått saman om å undersøke kvalar, men også selar. Selane er sluttvertar for andre kveisartar som er utbreidde i nordlege farvatn.
Cipriani, Paolo, Marialetizia Palomba, Lucilla Giulietti, Federica Marcer, Sandro Mazzariol, Mario Santoro, Renato Aco Alburqueque et al. "Distribution and genetic diversity of Anisakis spp. in cetaceans from the Northeast Atlantic Ocean and the Mediterranean Sea." Scientific reports 12, no. 1 (2022): 1-18. https://doi.org/10.1038/s41598-022-17710-1