Gå til hovedinnhold

Auka kvote for havbrisling i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat


Brisling

Brisling.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HI

Dermed kan norske fiskarar igjen få lov til å fiske denne bestanden – kanskje.

I år foreslår havforskarane å auke kvoten for brislingbestanden i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat, også omtala som havbrisling, til 143 598 tonn. Det er meir enn det dobbelte av kvoten som blei anbefalt i fjor.

Forvalta av EU og Storbritannia

Dei to siste åra har kvoten på havbrisling vore så låg at norske fiskarar ikkje har fått fiskekvote på den.

– Denne bestanden vert forvalta av EU og Storbritannia. For at norske fiskarar skal få fiske på den må to krav oppfyllast: det første er at anbefalt kvote må vere over eit vist nivå, og det ser det ut som det blir i år. Det andre er at Norge må forhandle seg fram til eit kvotebytte med EU, seier havforskar Cecilie Kvamme.

Kraftig auke i mengda havbrisling

Den store auken i kvotetilrådinga kjem av at det var god rekruttering til bestanden i fjor samstundes som kvar enkelt fisk vaks godt.

– Dette gjer at det er meir brisling i sjøen i år, og dermed kan også fisket på den aukast, seier Kvamme.