Gå til hovedinnhold

Larvar frå oppdrettstorsk kan overleve


forskere foran sjø

HI-forskarane  Maud Alix og Birgitta Norberg forskar på oppdrettstorsk.

Fotograf: Christine Fagerbakke / Havforskningsinstuttet

Det syner eit nytt pilotprosjekt som har granska korleis egg frå oppdrettstorsk utviklar seg, og om larvar i startfôring kan overleve.  

Eit av dei store spørsmåla knytt til oppdrett av torsk har vore om oppdrettstorsk kan gyte i merd og om egga vert befrukta, klekker og vert til larvar som kan overleve i det fri. 

Ny forsking frå Havforskingsinstituttet syner at det kan dei. 

– Forsøka syner at egg frå førstegongsgytande torsk som har fått vekstfôr heile livet kan klekke og larvane kan overleve, seier havforskar og prosjektleiar Birgitta Norberg.

Resultata høyrer til eit pilotforsøk Havforskingsinstituttet har utført på bestilling frå Fiskeridirektoratet. 

Oppdrettstorsk kan gyte

For å granske kjønnsmodning, gyting og overleving, brukte HI avla oppdrettstorsk av sjette generasjon. 

Fisken har opphelde seg i kar på forskingsstasjonen i Austevoll, der dei har vorte utsette for naturlege lysforhold. 

Under naturleg lys fullførte oppdrettstorsken sin reproduktive syklus og gytte.

50 000 larvar til startfôring

Forskarane har hatt to ulike tilnærmingar for å granske om egga frå oppdrettstorsken kan overleve, og om larvane er levedyktige. 

I første del, har befrukta torskeegg vorte klekte i ein vanleg inkubator, som i normal produksjon av fisk. 

50 000 klekte larvar gjekk så gjennom ei standard startfôring – larvane har vore i store kar, og fôra med hjuldyr og hoppekreps. 

– Vi ville granske om larvane kunne leve lenger enn sju dagar etter klekking, og det syner forsøka at dei kan. Fleire tusen larvar lever framleis, seier Norberg og legg til:

– Kvaliteten på egg og larvar frå oppdrettstorsk er ikkje så dårleg at ingen overlever.

larver i tank
Egg frå førstegongsgytande torsk som har fått vekstfôr heile livet kan klekke i merd og larvane kan overleve. (Foto: Christine Fagerbakke/HI).

Følgde utviklinga nært

I  andre del av pilotstudien, har havforskar Maud Alix følgt torskeegg nøye for å granske kor mange som klekker og korleis dei utviklar seg den første veka.  

Forsøket synte at i snitt var 36 prosent av torskeegga befrukta. 

Dei befrukta egga vart sorterte og så inkuberte («ruga») på 6 grader. Annankvar dag undersøkte forskaren kor mange egg som overlevde og seinare klekte.  

Illustrasjon som viser hvordan forsøksprosessen har vært. Først gyter torsken i et innendørs kar, så blir eggene samlet i en eggsamler. Forsker sjekker så om eggene er befruktet, før de befrukta eggene blir plasserte i plastbrett og satt til inkubering på 6 grader. Til slutt sjekker forsker hvor mange som har overlevd og klekket.
Når torsken gytte i karet, vart egga samla opp. Forskar Maud Alix undersøkte så kva egg som var befrukta, og inkuberte desse. Klekte larvar vart granska for misdanningar.

Stor variasjon i overleving

Det var stor variasjon i overleving mellom dei fem ulike egg-gruppene, synte pilotstudien. 

– Ei veke etter befrukting, kunne ei gruppe ha 33 prosent overleving medan ei anna hadde 95 prosent, fortel Alix. 

Tala syner at i snitt 75 prosent av egga overlevde sju dagar etter befrukting.

Det var også stor variasjon i kor mange av dei befrukta egg som klekte. Frå nokre egg-grupper klekte nesten alle, frå andre nesten ingen. 

– I snitt klekte 68 prosent av dei befrukta egga, seier forskaren. 

Utbreidd akse-misdanning

Blant larvane som klekte, hadde i snitt 74 prosent ei eller anna grad av misdanning.  

– Den vanlegaste forma for misdanning er i aksen til larven. Altså ryggraden. Normalt sett, er torskelarven lang og rett, men for mange er ikkje aksen forma korrekt, forklarar Alix. 

To bilete av torskelarvar sett saman. I øvste bilete er ein normal torskelarve. I det nedste bilete er ein torskelarve med misdanning, der aksen er bøygd på ein unormal måte.
Det øvste bilete syner ein normal torskelarve etter klekking. Det nedste bilete syner ein torskelarve med misdanning i akse og plomme. Foto: Maud Alix / HI

Forskarane registrerte òg misdanningar i plomma, som skal fôre larven til han kan skaffe mat sjølv. I misdanna plommer var det ødem, som kan hindre larvane sin mogelegheit til å ta til seg næringa.

– Men sjølv om mange larvar er deformerte, er det framleis ein del som potensielt kan overleve, seier Alix.