Gå til hovedinnhold

Makrellen har blitt nordlending


foto av makrell under vann

Vaksen makrell på veg inn i trålen på forskingstokt, her ved 75 grader nord. No er også ungmakrell blitt eit innslag i arktis.

Fotograf: Havforskningsinstituttet

Nye funn viser at ungmakrell no veks opp så langt nord som Nordkapp. Men ikkje fordi det har blitt varmare der.

Makrellen har oppvekstområda sine hovudsakleg frå Biscayabukta til Nordsjøen. Men no er det dokumentert at makrellen også veks opp nord for Nordkapp.

– Det er ikkje fordi det har blitt varmare hav i nord, men heng saman med den eksplosive veksten i makrellbestanden mellom 2006 og 2014, seier havforskar Leif Nøttestad.

Bestanden nærmast tredobla seg på under ti år

Frå 2006 til 2014 auka makrellbestanden i Nordaust-Atlanteren frå 2,2 til 5,9 millionar tonn, ifølge forskarane sine berekningar. Nesten ei tredobling altså.

Varmere hav i same periode var truleg ein årsak til gode kår og bestandsvekst, men ikkje grunnen til å trekke nordover.

– Det var eigne plassbehov med intern kamp om maten som gjorde at makrellen blei nøydd å utvide beiteområdet i stor stil, seier Nøttestad.

foto av ungmakrell i stamp
Også ungmakrell – eller pir – er no å finne i Nord-Norge. Det tyder på at makrellen veks opp der. (Illustrasjonsfoto: Åse Husebø / HI)

Den vaksne makrellen la under seg heile Norskekysten og Norskehavet, så langt nord som til Svalbard.

– Sånn klimatisk er makrellen ein veldig fleksibel fisk. Han trivst godt i alt mellom 4 og 20 grader. Men som alle andre treng han mat for overleving og vekst, seier forskaren.

Begynte å gyte langs Norskekysten

Makrellen har tradisjonelt sett vore ein sommargjest på beitevandring i Norge. Han har hatt gyteområda sine lenger sør – vest av Dei britiske øyer. Men frå 2016 skjedde det noko.

– Makrellen tok til å gyte også i Norskehavet og langs Norskekysten opp til Stad. Samtidig begynte vi å observere mykje pir, altså ungmakrell, lenger nord enn før, fortel Nøttestad.

Den gong masterstudent, no forskingsteknikar, Vilde Regine Bjørdal, begynte derfor å analysere innhaldet i magesekkane til pir fanga på forskingstokt i nordlege farvatn. Ho finsorterte halvfordøydd mat frå 153 pir-magar.

Spørsmålet var: Kva et fiskane, og kan dei vere konkurrentar om maten til annan fisk.

Kan påverke økosystemet

Arbeidet til Bjørdal resulterte i ei masteroppgåve og ein nyleg publisert vitskapleg artikkel.

– Piren åt stort sett det same som den vaksne makrellen, med like fulle magesekkar. Dette tyder på at pir er i stand til å vekse opp og beite i nord, seier Bjørdal.

Makrell et for det meste dyreplankton – altså bittesmå dyr som flyt med havstraumane.

Livretten til pir var små larvesekkedyr, mot krill hos vaksen makrell. Andre vanlege byttedyrgrupper var hoppekreps og vingesniglar.

– Vaksne makrellar er ikkje kresne og et det dei kjem over. Ut frå byttedyra i magane til piren er det sannsynleg at dei gjer det same, seier Vilde Regine Bjørdal.

Ein ny spelar i økosystemet

Makrellen sin nordlege utviding braut nye rekordar i fjor haust. Då fann forskarane makrellyngel ved Nordkapp under det årlege økosystemtoktet i Barentshavet.

Ungmakrell som etablerer seg på nye stader kan i teorien bety at det blir meir konkurranse om føda. Særleg for sild og annan makrell. 

– Vi veit at kvar makrell gjekk ned i vekt i same periode som bestanden auka, og at det truleg blei mindre dyreplankton i havet i same periode. Men det er vanskeleg å slå fast om det eine har ført til det andre, seier Leif Nøttestad.

Nabomakrellen var største konkurrent

Det er alltid størst konkurranse om den tilgjengelege maten innafor éin og same art, enn mot andre artar.

– Trugselen frå nabomakrellen har derfor vore den største drivkrafta for at bestanden utvida seg nordover i utgangspunktet.

Forskarane vil ikkje utelukke at ungmakrell i nye område kan påverke økosystemet, særleg i fjordar og avgrensa kystmiljø. 

– Dette er noko vi jobbar for å finne ut meir om, avsluttar Nøttestad.

foto av makrellyngel
Historisk årsyngel frå makrell fanga under vitskapleg tråling nordaust av Nordkapp i oktober 2022. (Foto: Frøydis T. Rist / Havforskningsinstituttet)

Referanse

Bjørdal, Vilde R., Herdis L. Mørk, Kjell Rong Utne, Anders Fernö, and Leif Nøttestad. "The diet of juvenile Atlantic mackerel (Scomber scombrus) feeding in new northern nursery areas along the Norwegian coast." Marine Biology Research (2022): 1-11 https://doi.org/10.1080/17451000.2022.2147951