Gå til hovedinnhold

Havforskingsinstituttet lanserer ny strategi


Collage av arbeid på tråldekk og smilende dame

Kor skal HI – og korleis kjem vi oss dit? Det siste året har HI arbeidd med ny strategi, som skal gjelde frå 2024. På havdagen 8. juni har vi lansert den overordna planen. Les strategien her.

Her kan du lese den nye strategien til HI for de neste årene.

Masterstudent Madelen Hegrestad kjenner HI godt. Nyleg var ho og plastforskar Bjørn Einar Grøsvik vertsskap for kronprins Haakon då han deltok på eit minitokt på Byfjorden. No er ho invitert til å meine noko om den nye strategien.

– Som ny­ut­dan­na så er ein vel­dig mo­ti­vert, og det vil ha my­kje å seie om stra­te­g­ien sy­ner at HI òg vil opp og fram, sei­er ho.

Dei sis­te par åra har Madelen brukt tal­lau­se stu­die­ti­mar på HI sin kje­mi- og fra­mand­stoff-lab. Om få ve­ker le­ve­rer UiB-stu­den­ten mas­ter­opp­gå­va si i ma­rin­bio­lo­gi.

I den kom­man­de jak­ta på ar­beids­plass, har ein stra­te­gi stor ty­ding for kva inn­trykk ho får av ein po­ten­si­ell ar­beids­gje­var som HI.

Ho hå­par på ein stra­te­gi med opne ar­mar og dø­rer for unge for­skar­spi­rar som er kla­re til dyst.

Kunn­skap for fram­ti­das hav

Den over­ord­na stra­te­g­iplanen vert lagt fram tors­dag 8. juni – på sjølvaste havdagen. Då har det gått kring eitt år sidan dei før­ste stra­te­gi­dis­ku­sjo­na­ne byr­ja å sum­me.

Stra­te­g­ien har fått nam­net Kunn­skap for fram­ti­das hav.

– Stra­te­g­ien hand­lar om å løf­te blik­ket, og tenkje «kva kan vi gje­re i dag for å både møte ut­ford­rin­gar og gri­pe mo­ge­leg­hei­ter som er fram i tid», sei­er Peter Hau­gan.

Han har vore del av stra­te­gi­ar­bei­det og leia arbeidsgruppa, som òg har teke mot bi­drag frå tilsette i heile HI.

– I det dag­le­ge vert vi så opp­sluk­te av ar­bei­det vårt at vi ik­kje all­tid tek oss tid til å pri­o­ri­te­re. Kor­leis kan ar­beids­me­to­da­ne våre ver­te bet­re? Kor­leis sik­rar vi kom­pe­tan­sen vi treng i fram­ti­da? Der skal stra­te­g­ien hjel­pe oss.

Sta­kar ut kur­sen

Havforsking­sdi­rek­tør Nils Gun­nar Kvam­stø un­der­stre­kar at stra­te­g­ien ik­kje vil «snu opp ned» på alt på ins­ti­tut­tet, men at han er eit ut­gangs­punkt for å spis­se verk­sem­da vår.

 

Nils Gunnar Kvamstø står i Nordnesparken. Han lener seg mot rekkverket langs gangvegen, og ser mot kamera.
Foto: Eivind Senneset / Havforskningsinstituttet

– Kjer­ne­opp­gå­ve­ne våre ligg fram­leis fast. Sam­stun­des skal vi hal­de oss til nye hav­næ­rin­gar og re­du­se­ring av eige kli­ma­av­trykk. Auka kon­kur­ran­se og stram­ma­re øko­no­mis­ke ram­mer gjer at vi må pri­o­ri­te­re tøf­fa­re. Vi må også sa­mar­bei­de meir, både in­ternt og med om­ver­da. Her er stra­te­g­ien den over­ord­na pla­nen som skal hjel­pe oss med å sta­ke ut den­ne kur­sen, sei­er Kvam­stø.

Stra­te­gi­pla­nen vert eit verk i fleire delar: E​​​it kort over­ord­na stra­te­gi­do­ku­men­t og til­høy­ran­de hand­lings­pla­nar. Arbeidet med handlingsplanane skal skje ute i organisasjonen og tek til over sommaren.