Publisert: 28.06.2023 Oppdatert: 30.06.2023
– Vi har sett på dei ti første åra med overvaking av krillen rundt Sør-Orknøyane, fortel HI-forskar Georg Skaret.
Området er det viktigaste for krillfisket i Sørishavet. Det er berre Noreg som jamleg overvakar det vesle krepsdyret her.
Havforskingsinstituttet (HI) står for overvakinga i samarbeid med fartøya som fiskar krill i det heller utilgjengelege området.
– Vi finn ingen trend i korleis bestanden utviklar seg gjennom heile tiårsperioden i dette området, seier Skaret.
– Vi finn som venta stor variasjon frå år til år, men likevel er variasjonen mindre enn i andre krillrike område som Sør-Georgia og Sør-Shetland, seier Skaret.
Dette understreker at Sør-Orknøyane er ein ‘hotspot’ for krill i Sørishavet.
For å finna ut kor stor bestanden er, har forskarane brukt akustikk.
– Det er områda langs sokkelkanten nord for Sør-Orknøyane som har dei største krill-mengdene. Grunna straumforhold har krill ein tendens til å samla seg i område med markante skifte i djup. Der samlar det seg ofte planteplankton som krillen beitar på. Det er her flåten fiskar krill.
Havforskarane har også brukt mengdeberekningane til å evaluera om det historiske krillfisket i dette området har vore berekraftig etter CCAMLR sine føre-var-kriteriar til forvaltning.
– Resultata våre indikerer at fiskeriet har vore i tråd med føre-var prinsippet.