Publisert: 06.06.2023
I 2020 blei HI forskar Anna Wargelius utnemnd til leiar for eit utval som skulle gå gjennom stoda for moderne genteknologi i Norge.
Tysdag kl. 14 leverer utvalet sin gjennomgang til klima- og miljøminister Espen Barth Eide. Følg framlegginga direkte frå regjeringa sin straum:
– Vår oppgåve var å oppdatere kunnskapen, vurdere etiske dilemma med nye teknikkar som CRISPR, og føreslå korleis vi kan utvikle og regulere genteknologien vidare. Så får politikarane velje korleis dette skal forvaltast, seier Anna.
Meir om Genteknologiutvalet sitt mandat, medlemar og innspel utvalet har fått finn du på Genteknologiutvalet si nettside.
Feltet har hatt ei forrykande utvikling etter oppdaginga av CRISPR-Cas9-metoden, som blant anna førte til ein Nobelpris. (Sjå faktaboks.)
Forskingsgruppa til Anna var tidleg ute med å ta i bruk teknikkane på fisk, og er i verdsfronten når det gjeld genredigering av atlantisk laks.
Målet med forskinga har blant anna vore å lage «rømmingssikker» (steril) oppdrettslaks.
– Denne teknologien er ikkje som andre genteknologiar. Du kan gjere mindre, men meir effektive endringar i ein organisme, for eksempel å slå av eit gen. Dagens metodar er veldig annleis enn dei som var i bruk då reguleringane sist blei oppdaterte, seier ho.
Forskarane har funne fleire «enkle» metodar for å lage steril laks, og jobbar vidare med å finne ut korleis dei best kan skalerast opp til industriell produksjon.
I Norge i dag er CRISPR brukt berre i forsking, og genmodifisering er strengt regulert av genteknologilova.