Gå til hovedinnhold

Nedgang i kvoteråd for torsk, hyse og blåkveite


Bildet viser en haug med torsk som ligger i et kar etter at de er fisket.

Torsken i Barentshavet er framleis ein stor og viktig bestand, men det er ikkje lenger eventyrlege tilstandar. Ein kvote på 453 427 tonn vil vere den lågaste sidan 2008.

Fotograf: Havforskningsinstituttet

Torskerådet er 20 prosent lågare enn året før og lågast sidan 2008.

Torsdag legg den norsk-russiske forskargruppa for fiskebestandar i Barentshavet fram sine kvoteråd for nordaustarktisk torsk (skrei), nordaustarktisk hyse og blåkveite for 2024.

– Torskebestanden er på veg nedover, men vil truleg stabilisere seg om eit par år om råda blir følgde, seier HI-forskar Bjarte Bogstad. Han er bestandsansvarleg for nordaustarktisk torsk ved Havforskingsinstituttet og del av den norsk-russiske forskargruppa som gir dei bilaterale råda i år. 

Lågaste kvote sidan 2008

Forskarane anslår at gytebestanden av torsk no er på rundt 700 000 tonn, det lågaste sidan 2008. I mellomtida har torsken hatt nokre gode år, med ein historisk topp i gytebestanden i 2013 på 2,2 millionar tonn. Hovudgrunnen til bestandsnedgangen er at rekrutteringa av torsk har vore under middels etter 2014-årsklassen og at fleire årsklasser er svært svake.

Forskarane meiner det ikkje bør fiskast meir enn 453 427 tonn i 2024. Det er 20 prosent mindre enn kvoten og rådet i 2023. Også for 2022 og 2023 var reduksjonen på 20 prosent frå året før.

– Nedgangen i kvoterådet blir stogga av ein forvaltningsregel som seier at kvoten ikkje kan bli sett ned meir enn 20 prosent så lenge gytebestanden er over føre-var-nivået, fortel Bogstad.

Forvaltningsregelen på maks 20 prosent nedgang skal sikre nokonlunde stabilitet for fiskarane, men utan å gå på bekostning av eit berekraftig, langsiktig fiskeri. Ein kvote på 453 427 tonn vil vere den lågaste sidan 2008.

Skal truleg endå meir ned

Bestanden har blitt redusert kvart år sidan 2013, og forskarane varsla vidare nedgang seinast ved fjorårets kvoteråd

– Vi må rekne med vidare nedgang også til neste kvoteråd før utviklinga flatar ut, seier Bogstad.

Slik det ser ut no meiner Bogstad det kan bli ein nedgang på 20 prosent også frå 2024 til 2025.

– Torsken i Barentshavet er framleis ein stor og viktig bestand, men det er ikkje lenger eventyrlege tilstandar, fortset han.

Nedgang også for hyse og blåkveite

Forskarane tilrår ein kvote for nordaustarktisk hyse på opptil 127 550 tonn, som er ein nedgang på 25 prosent frå kvoten for 2023.

For blåkveite er rådet på 15 560 tonn for 2024, dette er 16 prosent lågare enn rådet for 2023 og 38 prosent lågare enn kvoten for 2023.

For snabeluer vart det i fjor gitt råd for 2023 og 2024, slik at det ikkje kjem nye råd i år. For lodde vil som vanleg kvoterådet for 2024 kome i oktober etter det norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet.

Norske og russiske styresmakter set dei endelege kvotane gjennom den norsk-russiske fiskerikommisjonen som vanleg.