Gå til hovedinnhold

Lovande makrellfangstar med snurrevad


Foto tatt bakover i båt. Viser sjøen og en snurrevad på vei ut.

Karane på "Brattholm" set snurrevaden.

Fotograf: Anne Sæverud / Havforskingsinstituttet

Forskarane blei med på forsøksfiske ved Karmøy og Lista.

I 2022 blei havforskarane med som observatørar på MS Brattholm – ein 15 meters reketrålar som har dispensasjon til å fiske makrell med snurrevad på sørvestlandskysten.

Toktrapporten frå turen er no ferdig, og basert på observasjonane sende også HI innspel til Fiskeridirektoratet i forkant av årets sesong.

Snurrevad er ein effektiv fiskereiskap som også mindre fiskebåtar kan bruke, gjerne etter torsk og hyse. Fiskebåtane set ut nota og tauearmane i ein sirkel, før dei tauar den som ein liten trål.

Snurrevadfiske krev eit relativt stor areal med passeleg sjøbotn, helst sand.

Fisken som kjem opp er ofte levande og dermed av god kvalitet.

For å unngå uhandterleg store fangstar, har HI tidlegare utvikla ein såkalla «fangstavgrensing». I praksis eit rømmingshol som fisk kan svømme ut av når sekken blir fylt av fisk til eit visst nivå. Les om det her.

illustrasjon av båt som setter ut snurrevad fra fugleperspektiv


Snurrevad er effektivt – nokre gonger for effektivt

Bifangst av andre artar enn den du fiskar etter og at du kan risikere å fange for mykje fisk for ein liten båt, er to kjende snurrevadproblem som fangstforskarar ved HI jobbar for å minimere.

Dette var bakgrunnen til at forskarane gjekk med «Brattholm», som er med i HI sin referanseflåte.

Dette var funna

I løpet av tre turar til Lista og Jarstein (Karmøy) fann dei ut at:

  • Dei fekk svært lite bifangst (0,4 prosent).
  • Makrellen var umogleg å fange med tre taukveilar, mens fem gav gode fangstar.
  • Skumringa var den beste tida å fiske på.
  • Dagsfangstane var på 0 og 5 tonn makrell ved Lista, og 53 og 55 tonn ved Karmøy.

– Det var med andre ord eit par solide fangstar, særleg etter at fiskarane fokuserte på skumringa, seier havforskar Kjell Nedreaas.

– Det låge innslaget av bifangst kan skuldast at det var få andre artar tilgjengeleg der og då. Det er for tidleg å slå fast at metoden gir lite bifangst, legg han til.

I dagslys slapp makrellen unna nota

Havforskarane utstyrte snurrevaden med kamera, og fekk til ein viss grad innsikt i makrellen si åtferd. Men berre i dagslys.

– Vi ser at det står mykje makrell i opninga på nota. Desse klarer å svømme unna når fiskarane hiver inn nota, fordi då går ho seinare enn ved tauing.

Teorien er at makrellen ikkje viker unna nota i same grad når det er mørkt. Kanskje hamnar dei også i notposen i større grad, fordi dei ikkje ser snurrevaden komme.

undervannsfoto som viser en makrellstim foran snurrevadens inngang
Figur 15 fra toktrapporten: Figuren viser kast 3 (1 tonn fangst) med kamera festet på midten av overtelne, og som ser nedover. Bildet viser mye makrell som samles fremfor snurrevadens åpning under tidlig fase av innhivningen.

Dunka for mykje i botnen

Forskarane såg også at reiskapen etter gjeldande krav var nær eller i kontakt med botnen meir enn optimalt. Då er det større risiko for bifangst av flyndrer, og også for å hekte fast snurrevaden.

Havforskingsinstituttet har derfor sendt forslag til Fiskeridirektoratet om endringar i reiskapsdesignet, som skal sikre at reiskapen fiskar to meter over havbotnen.

I Fiskeridirektoratet sine vilkår er det også krav om inspektør frå direktoratet eller forskingspersonell frå HI om bord.

– Det er eit lovande og interessant fiskeri som vi ønsker å følge opp. Vi vil ha meir data om bifangst og utvikle ein så god reiskap som mogleg, seier Nedreaas.

Referanse

Shale Pettit Rosen, Sofie Gundersen og Kjell Nedreaas. Test av snurrevad til fiske etter makrell. Toktrapport 2023-14