Gå til hovedinnhold

Nedgang i kvoterådet for augepål


En øyepål under vann.

Augepål (Trisopterus esmarkii) er ein av våre minste torskefiskar. 

Fotograf: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

Dårleg rekruttering fører til at ICES tilrår redusert fangstkvote for augepål i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat.

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrår at augepål-fangsten i komande periode ikkje bør vere over 20 583 tonn. Det er 82 prosent lågare enn kvoterådet som vart gjeve i fjor, og 47 prosent lågare enn siste års fangst. 

– Augepål er ein kortliva art, og når ein då har dårlegare rekruttering tek det ikkje lang tid før gytebiomassen søkk sterkt, seier bestandsansvarleg Espen Johnsen. 

Dei siste tre åra har rekrutteringa i bestanden vore låg, noko som òg fører til at den tilrådde kvota er redusert. Kvoterådet gjeld for perioden 1. november 2023 til 31. oktober 2024.

– Kvoterådet skal sikre at gytebestanden held seg over føre var-grensa etter at fisket i komande periode er over, seier Johnsen. 

Den tilrådde kvota er det lågaste sidan 2011. Sjå heile kvoterådet her.