Gå til hovedinnhold

Nytt kvoteråd for nordsjøtorsk på totalt 22 691 tonn


undervannsfoto av en torsk
Fotograf: Erling Svensen / HI

Rådet baserer seg på tre nye underbestandar.

Det internasjonale havforskingsrådet ICES går i dag ut med eit splitter nytt kvoteråd for nordsjøtorsk som gjeld 2024.

Etter ein metoderevisjon sist vinter, tar forskarane no større omsyn til torsken sin genetikk.

Dermed er torsken delt inn i tre underbestandar som gyter på separate felt i Nordsjøen: Nordvest, sør og «viking» (nordaust). I Nordvest er for første gong torsk vest for Skottland inkludert.

Fisken som gyter i sør treng meir vern og trekker ned totalen

Men utanom gytinga om vinteren, blandar fiskane seg og blir fanga om ein annan. Derfor gir forskarane råd om ei totalkvote på 22 691 tonn. Det er 13 prosent lågare enn rådet for torskefisket i Nordsjøen i år.

– Det skuldast at underbestanden som gyter i sør er hardt fiska, og krev strengare vern enn dei andre. Sidan vi veit at bestandane blandar seg elles, krev dette lågare fiskepress på all torsken i Nordsjøen. Underbestanden i sør trekk dermed ned totalrådet, forklarer havforskar og ICES-representant Bjarte Bogstad.

Underbestandane har altså ulik status, og rådet siktar mot ei kvote som sikrar berekraftig utnytting av også den svakaste av dei.

Så mykje er det berekraftig å hauste av kvar underbestand

Kvoterådet er basert på denne fordelinga, men det er altså ikkje eit råd for kvart havområde:

  • Nordvest: 13 529 tonn
  • Viking: 5 240 tonn
  • Sør: 3 922 tonn

Det er totalrådet på 22 691 tonn som gjeld, uavhengig av kor ein fiskar.

Ønsker seg meir genetikk

Forskarane meiner at modellen er ei forbetring av grunnlaget for kvoterådgjevinga for torsk i Nordsjøen. 

ICES tilrår også å samle inn meir genetisk informasjon, slik at vi kan få betre innsikt i dei ulike underbestandane sine geografiske utbreiingar. 

Det kan gi grunnlag for meir effektive forvaltningstiltak.

Sjå meir teknisk informasjon i bakgrunnen for kvoterådet her.

Referanse

ICES (2023). Cod (Gadus morhua) in Subarea 4, divisions 6.a and 7.d, and Subdivision 20 (North Sea, West of Scotland, eastern English Channel, and Skagerrak). ICES Advice: Recurrent Advice. Report. Lenke: https://doi.org/10.17895/ices.advice.21840765.v1