Gå til hovedinnhold

Etneelva: den største og eldste laksen er vekke i år


Elv med en metallbariere som strekker seg over elven. På den ene siden er det et bur som laks kan vandre inn i.

Oppvandringsfella dekker heile Etneelva på tvers slik at all fisk må vandre gjennom ho.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Årets lakseinnsig kunne minna om kriseåret 2014, men no har mønsteret endra seg.

Fram til starten av juli minna årets lakseinnsig om mønsteret havforskarane såg for ti år sidan. 2014 var eit «kriseår», der berre rundt 400 laksar vandra opp Etneelva.

Men no har mønsteret endra seg: Så langt i år har over 990 laks vandra opp Etneelva. Det er dobbelt så mykje som i 2014.

– Men det er framleis eit dårleg år, særleg for holaksen, seier Per Tommy Fjeldheim, forskingsteknikar og driftsleiar for Havforskingsinstituttet sitt fjord- og elvelaboratorium i Etneelva og legg til:

– Det interessante er at den eldste og største fisken ser ut til å utebli.

Følg med live på temasida for feltstasjonen i Etneelva.

«Terten» dominerer

Fiskefella ved fjord- og elvelaboratoriet vårt sørgjer for at all oppvandrande fisk vert registrert, målt og vege.

Registreringa er upåverka av reguleringar i laksefisket eller andre former for «støy» ein ofte har i andre metodar for teljing av laks. Difor er tala frå Etne særleg viktige.

– Tala vi har så langt viser at det er fisk som berre har vore i sjøen i éin vinter som dominerer, seier forskar Alison Harvey.

Sidan 1980-talet har villaksen gradvis vakse mindre og mindre i havet. I 2005 vart årstilveksten på laksen i havet redusert med over 5 centimeter som følgje av store endringar i økosystemet i havet, med redusert innstrøyming av arktisk vatn og ein tilhøyrande kraftig reduksjon i biomassen av dyreplankton.

– Det er dei større laksane vi ser færre av. Dei som gjekk ut frå elva i 2021 og 2022, og no har vore i havet i to til tre vintrar, forklarar forskaren.

Foto av hender som holder en fisk under vann
Denne smålaksen passerte fiskefella i 2020. (Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskingsinstituttet)

Vassføringa i juli

Vassføringa i siste del av juli har vore relativt låg, noko som også kan ha bremsa oppvandringa ein del.

– Vi veit at når det er for lite vatn, vert laksen og sjøauren ståande og vente i elveosen, seier driftsleiar Fjeldheim.

Observasjonane peikar mot redusert mattilgang i havet

Han understreker at det er for tidleg å konkludere med årsakene til det låge lakseinnsiget, men peikar på at vi veit kva faktorar som generelt styrer vekst og overleving:

– Det er havtemperatur, mattilgang og lakselus.

At laksen som returnerer heim er liten, kan tyde på at noko har endra seg med næringstilgangen deira i havet.