Gå til hovedinnhold

Noko lågare risiko for rømt fisk i elvane


kvinne holder fisk opp av grønt kar

HI-teknikar Kaja Ch. A. Fjeldheim held ein rømt oppdrettslaks som gjekk i fiskefella i Etneelva. 

Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI

Likevel er det framleis høg risiko for at det oppstår meir genetisk påverknad på villaksen i fem av produksjonsområda.

Dette kjem fram i årets risikorapport av norsk fiskeoppdrett.

I dei resterande produksjonsområda er det moderat risiko for meir genetisk påverknad i fem område og låg risiko i tre.

Noko mindre risiko – men ingen friskmelding

I årets risikovurdering har eit nytt produksjonsområde, Vestfjorden og Vesterålen, blitt flytta frå kategorien “høg risiko” til “moderat” i forhold til vurderinga som vart gjort i fjor.

– Vi har i fleire år sett at observasjonar av rømt oppdrettslaks går ned i lakseelvane våre. Det er vi sjølvsagt nøgde med, men det er ikkje nok til å friskmelde alle elvane når det gjeld risiko for meir genetisk påverknad, seier HI-forskar Monica Solberg.

I den første risikovurderinga som vart gjort når det gjeld genetisk påverknad i 2019, var det sju produksjonsområde som hamna i kategorien “høg risiko”. No er det altså fem. Vurderingane er baserte på data frå dei fem siste åra. 

– Det er viktig å vere klar over at det kan vere store forskjellar mellom elvar i same produksjonsområde. I enkelte elvar kan det vere svært lite rømt fisk, i andre mykje, seier ho.

kvinne i sort kåpe i en park med høstfarger
Færre observasjonar i elvane, men inga friskmelding - er bodskapen til havforskar Monica F. Solberg. Foto: Christine Fagerbakke/HI 

Må opp på gyteplassen for å kunne påverke

For at ein rømt oppdrettslaks skal kunne påverke genetikken til villaksen, må dei få felles avkom. Og skal det skje, må oppdrettslaksen klare å komme seg opp på gyteplassane langt oppe i elvane.

– Villaksen er “programmert” til å svømme tilbake til elva den vart klekka i. Rømt oppdrettslaks derimot, har ikkje tiltrekking til ei bestemt elv, men når den er kjønnsmoden, har den også ei trong til å svømme opp i elvane, seier Solberg. 

Mengde ferskvatn, talet på villfisk og størrelse på stryk avgjer

Over år har forskarane sett at mengda oppdrettslaks i to nærliggande elvar kan vere heilt ulik, det er gjerne mange rømlingar i den eine elva og berre eit fåtal i den andre. 

– Med tanke på at det skal gjerast avbøtande tiltak etter rømmingar, er det viktig å finne ut kvifor det er slik. Dette har vi no begynt å sjå på, seier Solberg.

– Ved bruk av informasjon frå det nasjonale overvakingsprogrammet, har forskarane sett nærare på kva som får rømlingane til å velje elv – og kva som hindrar dei i å komme opp i ei elv.

Følgjande faktorar ser ut til å kunne påverke om ei elv har eit stort eller lite tal rømt oppdrettslaks på gyteplassane:

  • Dersom det er mykje vatn i ei elv, tiltrekker den seg rømlingar. 
  • Er det mykje villfisk i same område som rømlingen er, kan den følgje etter opp i elva som villfisken skal til.
  • Dersom elva har hindringar i form av til dømes kraftige stryk, er det ein effektiv stoppar for rømlingane.

På sikt vil forskarane bruke denne informasjonen i risikovurderinga.

– På sikt håpar vi å få sett på alle dei over 400 lakseførande elvane våre slik at vi kan seie noko om kvar enkelt elv når det gjeld risiko for at rømlingar skal komme opp i dei, seier Solberg.

Er genetisk påverknad eit problem?

– Heilt sidan ein starta med oppdrett av laks, har det blitt jobba med å tilpasse oppdrettslaksen til eit liv i merd og som matprodusent. Denne avlen gjer at det no er genetiske forskjellar på villaks og oppdrettslaks, seier Solberg.

Det er dokumentert at det oppstår genetiske endringar i villaksen når den gyt saman med villaks.

– Det er observert genetiske endringar i 67 prosent av alle undersøkte bestandar som følgje av at oppdrettslaks har kome opp på gyteplassane og fått til å gyte med villaksen, seier ho.

Slik innblanding kan resultere i mindre robuste bestandar av villaks. 

– Forsking har dokumentert at innkrysning av rømt oppdrettslaks fører til endringar i ei rad eigenskapar hos villaksen, inkludert lågare overleving i elv, noko som igjen kan føre til lågare produksjon av villaks, seier Solberg. 

I kor stor grad villaksen blir negativt påverka, heng saman med nivået av genetisk innblanding.   

– Enkelt forklart betyr det at meir innkryssing gir større risiko for negative biologiske konsekvensar, medan låge rømmingstal, slik vi ser no, reduserer risikoen for meir genetisk innblanding, seier Solberg.