Gå til hovedinnhold

Tema: Rømt laks og genetisk påvirkning


Fotografi av finne med små lakselus

Slitte finner og finprikket skinn er blant noen av de typiske tegnene på rømt oppdrettsfisk. Fisken på bildet har også små lakselus på ryggfinnen.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Rømt oppdrettslaks vert rekna som ei av dei største miljøutfordringane til norsk oppdrettsnæring. Det er difor ein stor forskingsinnsats på dette feltet.

Havforskingsinstituttet har særleg konsentrert innsatsen på fire problemstillingar:

  • Kor mykje rømt oppdrettslaks er det i norske vassdrag?
  • Korleis påverkar rømlingane dei ville bestandane?
  • Identifisering av opphavet til urapporterte rømmingsepisodar
  • Risikovurdering av videre påverknad frå rømt oppdrettslaks på ville bestandar

Kor mykje rømt oppdrettslaks er det i norske vassdrag?

Mesteparten av den rømte oppdrettslaksen går ikkje opp i vassdraga, men sidan innkryssing og påfølgande endringar i villaksen sine naturlege eigenskapar er ei bekymring, er det i vassdraga overvakinga av rømt oppdrettslaks føregår.

Registreringa av rømt oppdrettslaks i norske vassdrag er ein omfattande aktivitet som har vore i gang sidan 1989. Havforskingsinstituttet har leia arbeidet sidan 2014 i samarbeid med ei rekkje fagmiljø. Årleg blir det gjennomført registreringar i omtrentleg 200 vassdrag i regi av det nasjonale overvakingsprogrammet. Det blir nytta fleire ulike metodar, som registreringar via sportsfisket, drivteljingar, fiske knytt til uttak av rømlingar om hausten og til stamfisk der dette føregår. Ein del stader føregår det også registrering i fisketrapper og fiskefeller.

Den omfattande aktiviteten medfører at vi har svært god oversikt over mengda rømt oppdrettslaks i vassdraga og korleis dette varierer frå år til år.

Parallelt med det nasjonale overvakingsprogrammet gjennomfører NINA genetiske undersøkingar i ei rekke laksebestandar. Det gir gode data på omfang av innkrysning av rømt oppdrettslaks i desse bestandane på det gitte tidspunktet. Samstundes er det slik at dersom nye rømlingar vandrar opp og gyter i ein villaksbestand, kan endringane akkumulerer seg.

Korleis påverkar rømlingane dei ville bestandane?

På grunn av målretta avl og tilpassing til oppdrettsmiljøet er oppdrettslaks endra frå sitt ville opphav. Lakseungar med oppdrettsforeldre som har gytt i elva, har difor andre eigenskapar og lågare overlevingsevne enn ungar av villaks.

Det første ar­beidet som do­ku­men­te­rte genetiske endringar i ville laksebestandar på grunn av innkryssing av rømt oppdrettslaks, blei publisert i 2006. Først i 2017 blei den første studien som dokumenterte endringar i livs­his­to­rie­trekk hos vill­aks som følge av genetisk innkryssing av rømt oppdrettslaks, publisert. Dette og påfølgande arbeid har vist at innkryssing av rømt oppdrettslaks blant anna fører til lågare overleving i elv, raskare vekst og lågare alder ved smoltifisering og ved kjønnsmodning. Desse observasjonane støttar opp under resultata frå fleire store eksperimentelle feltstudiar gjennomført i naturen dei siste 25 åra, som også har vist lågare overleving i sjø hos laks med oppdrettsforeldre.

Tilgjengeleg kunnskap tilseier at genetisk endring i ville laksebestandar som følge av innkryssing av rømt oppdrettslaks, kan føre til redusert produksjon av genetisk villaks samt forandringar i viktige biologiske eigenskapar. Dette kan resultere i mindre robuste bestandar med redusert evne til å tilpasse seg til framtidige utfordringar.

Ein av studiane som har dokumentert endring i innkryssa laks er frå Etne-elva. I denne elva er det installert ei flyteristfelle, og all rømt oppdrettslaks har blitt sortert vekk frå elva sidan 2013. Etne-elva er såleis ei unik moglegheit til å undersøkje kva som skjer i ein innkryssa bestand, dersom vidare innkryssing av rømt oppdrettslaks stoppar (for eksempel på grunn av bruk av steril fisk). Her vil ein få kunnskap om korleis og i kva grad naturlig seleksjon kan rekonstruere laksebestandens eigenskapar.

Sporing av urapporterte rømmingsepisodar

Med ujamne mellomrom blir det oppdaga auka førekomstar av rømt oppdrettslaks i elv eller sjø. I mange tilfelle har desse opphav i rapporterte rømmingsepisodar, men innimellom førekjem det episodar der ingen oppdrettarar påtek seg ansvar for den rømte fisken. Det kan skuldast at ingen er merksame på at dei har mista fisk eller brot på rapporteringsprosedyre. I slike tilfelle ønskjer forvaltinga å finna ut kor rømlingane kjem frå og kva som er årsak til rømminga. Når ein finn årsaka til ei rømming, kan ein læra og dermed forbetra driftsrutinane.

Havforskingsinstituttet har difor i nært samarbeid med fiskeriforvaltinga utvikla ein metode for sporing av rømlingar, DNA Beredskapsmetoden. Denne metoden baserer seg på fisken sin genetiske variasjon, og på samanlikning av genetiske profilar på den rømte fisken og oppdrettsfisken som står i oppdrettsanlegga innanfor ein viss radius. Den føreset ingen merking og heller ikkje databasar med informasjon om genetikk eller logistikk. Metoden er difor svært kostnadseffektiv og har blitt brukt i >20 episodar på bestilling frå Fiskeridirektoratet. Metoden for å spore rømt fisk blir per i dag brukt på både laks, regnbogeaure og torsk.

Risikovurdering av videre påverknad frå rømt oppdrettslaks på ville bestandar

Sidan 2019 har Havforskingsinstituttet, saman med NINA, gjennomført ei vurdering av risiko for ytterlegare genetisk endring i ville laksebestandar på grunn av innkryssing av rømt oppdrettslaks. Vurderinga tar omsyn til at genetiske endringar i ville laksebestandar allereie er dokumentert i to tredjedelar av alle undersøkte bestandar, på grunn av innkryssing av rømt oppdrettslaks frå rømmingsepisodar de siste 20-30 årene.

Vurderinga blir gjennomført for kvart av dei tretten produksjonsområda, basert på offisielle rapporterte rømmingstal og data frå det nasjonale overvakingsprogrammet. Det er dokumentert ein samanheng mellom mengde rømt oppdrettslaks i eit vassdrag og genetisk endring målt som inn­krys­sing med ge­ne­tis­ke mar­kø­rar, men konkurransenivået på gyteplassen vil også kunne påverke. Derfor tar vurderingane også omsyn til Vitskapeleg råd for lakseforvaltning (VRL) sin kategorisering av norske laksebestandar etter kvalitetsnorma.

Ei utfordring med rømt oppdrettslaks er at den kan spreie seg over store område, slik at rømming frå eit anlegg i eitt produksjonsområde kan påverke ville bestandar også i andre produksjonsområde. I tillegg er det nokre vassdrag som tiltrekkjer seg meir rømt oppdrettslaks enn andre. Difor jobbar Havforskingsinstituttet med å auke kunnskapen om korleis rømt oppdrettslaks spreier seg, slik at ein i større grad kan forstå kva elvar rømlingane vil oppsøkja og kor det bør setjast inn tiltak.