Gå til hovedinnhold

Blå brennmaneter frå Oslofjorden til Harstad


En blå brennmanet i et turkis hav

Det er kome inn mange meldingar om den blå brennmaneta (Cyanea lamarckii) den siste tida, særleg i Sør-Noreg. 

Fotograf: Erling Svensen / HI

Sommarsesongen er høgtid for manet-observasjonar. Meld frå om du ser ein gammal kjenning på ein uvand plass, eller nye, ukjende maneter.

«Vi har ikkje sett blå brennmaneter på denne stranda tidlegare.» 

Meldingane tikkar inn på Dugnad for havet, og vidare til innboksen til havforskar Tone Falkenhaug. 

Desse observasjonane har lete ho følgje den blå brennmaneta si vandring nordover. 

Sommaren rundt får ho meldingar om manet-observasjonar langs heile kysten.

Vakre klamremaneter under vasskorpa, ei og anna stor kronemanet, gjennomsiktige agurkmaneter og klynger av det vesle sjøstikkelsbæret. 

I fjor kunne forskaren glede seg over eit sensasjonelt manet-syn, då bidevindsseglaren dukka opp her til lands for andre gong noko sinne

Og ho kunne varsle i det perlesnormaneta igjen byrja å drive mot kysten. Kolonimaneta har ei sterk neslegift som kan skade oppdrettsfisk, noko som òg vart tilfelle i fjor.   

Dei siste vekene: mange, mange blå brennmaneter.

– Ho er mest talrik langs kysten av Sør-Noreg, der ho i periodar av året har vore meir vanleg enn raud brennmanet, forklarar Falkenhaug.

Lenger og lenger nord

Skrur du tida 20 år tilbake i tid var desse blå brennmanetene eit sjeldnare syn – sjølv langs sørlandskysten. Då såg ein gjerne eitt og anna blått individ blant dei mange raude.

I motsetnad til den raude brennmaneta, trivst ho nemleg med meir lunk i badevatnet og ho har difor vore vanlegare i sørlege del av Nordsjøen. 

– Men dei siste åra har den blå brennmaneta dukka opp meir og meir også lenger nord, seier havforskaren.

Eit kart som syner manetobservasjonar i Noreg dei siste åra
Dette kartet syner observasjonane av blå brennmanet som er kome inn via Dugnad for havet dei siste fire åra. 

Fleire hundre observasjonar kvart år

Kvart år får Falkenhaug inn fleire hundre manet-observasjonar gjennom plattforma Dugnad for havet, som no har vorte oppgradert gjennom prosjektet «Kysthjelperne».

Slike observasjonar er gull verd, for desse gele-skapningane er uhyre vanskelege å forske på.

Sjå nokre av funna de har meldt inn dei siste åra:

Sommaren er høgtid for folkeforskinga – anten det er brennmanet, drøssevis av korsmanet, eller brugder og losna fiskemerke. 

Varmare hav kan vere ein av årsakene 

Til no i sommar, har Falkenhaug fått meldingar om blå brennmanet frå Oslofjorden heilt nord til Harstad.

Havforskaren forklarar at nøkkelen for kor mykje ein ser av denne maneta om sommaren, er kva som føregår om vinteren. 

– Om det er høge temperaturar på havbotnen gjennom vinteren, så produserer den blå brennmaneta rett og slett fleire avkom, seier Falkenhaug. 

Det er difor venta at varmare havtemperaturar vil føre til at blå brennmanet kan etablere seg lenger nord og verte meir vanleg langs heile kysten. 

Falkenhaug peikar på at temperaturmålingar ved Flødevigen har synt at vintertemperaturen i Skagerrak har auka med nesten to grader sidan 1980-talet. 

– Liknande temperaturauke er observert over store delar av Nordsjøen dei siste åra. Dette kan altså vere ei av forklaringane til at vi ser fleire blå brennmaneter no. 

Grafen viser en økning i vintertemperaturen ved i Flødevigen
Vintertemperaturane som er målt ved Flødevigen har auka med nesten 2 grader sidan 1980-talet. Ei slik auke vil vere gunstig for blå brennmanet, men ha motsett effekt på den raude brennmaneta.