Publisert: 02.07.2024 Oppdatert: 04.07.2024
Omtrent 14 prosent av dei undersøkte rømlingane hadde same feittsyreprofil som villaks. Prøvene er tatt av både vill- og oppdrettslaks fanga i utvalde gyteelver og langs kysten frå 2011 til 2021.
Det vil seie at mesteparten av den rømte oppdrettslaksen i undersøkinga truleg var «ferske» rømlingar sidan feittsyreprofilen var lik den som oppdrettslaks har.
Det er maten fisken et som avgjer korleis feittsyreprofilen ser ut.
– Kva mat eit individ et, set spor i feittsyrene i kroppen. Ein rømt oppdrettslaks går over til å ete same mat som villaks – det set tydelege spor som forskarane kan lese, seier Monica F. Solberg som har leia studien der forskarane har undersøkt nettopp korleis feittsyrene endrar seg i oppdrettslaks som har rømt.
Overgangen til eit liv i fridom kan vere stor for oppdrettsfisk, og som hos villaks er det berre dei færraste som overlever fram til dei er gyteklare.
– Resultata kan ikkje seie nøyaktig kor lenge ein fisk har vore på rømmen, men dei fortel i klartekst om rømlingane har klart overgangen frå eit liv i merd til eit liv i naturen der han må fange sin eigen mat, seier Nina Strand. Ho var med på denne studien som del av masteroppgåva si.
Frå Fjord- og elvelaboratoriet i Etne i Hardanger har forskarane svært mykje data om laksen og kva feittsyreprofil han har når han vandrar opp til fella.
– Her veit vi at nesten all rømt oppdrettlaks som har “villaks-profil", er kjønnsmoden når dei vandrar opp elva, medan berre litt over halvparten av dei som kjem meir direkte frå eit oppdrettsanlegg, og framleis har “oppdretts-profil”, er det, seier Solberg.
Å få same feittsyreprofil som villaks kan ha endå ein fordel for den kjønnsmodne rømlingen:
– Det er eit signal om at oppdrettslaksen har blitt meir tilpassa livet utanfor merd. Dermed trur vi at dei kan ha betre gytesuksess enn nyleg rømt oppdrettslaks, og om det stemmer vil dei i større grad bidra til innkryssing av rømt laks i dei ville bestandane, seier ho.
Analysane viser at det er forskjell på nord og sør i Noreg når det gjeld kor stor prosentdel av oppdrettslaksen i elvane som har vore lenge på rømmen. I den nordlegaste elva, Vestre Jakobselv, blei det observert få “ferske” rømlingar.
– Det kan truleg ha fleire årsaker, men det er nokre forskjellar mellom nord og sør som utmerkar seg, seier Solberg og trekk fram desse:
Oppdrettslaks som rømmer tidleg i produksjonssyklusen i nord, kan ha betre overleving på grunn av at det er betre tilgang på mat av høg kvalitet for unglaksen i fjordane i denne delen av landet.
I tillegg er det mykje lakselus i sør. Det gjer at rømt laksesmolt kan ha auka dødelegheit på grunn av den vesle parasitten på same måte som vill-smolten har.
Ein tredje faktor Solberg trekk fram, er kva alder og tid på året fisken rømmer på.
– Vi veit at laks som rømmer som smolt, kan spreie seg over større område enn det dei vaksne rømlingane kan. Derfor er det sannsynleg at nokre av rømlingane vi har funne i nord, kan stamme frå rømmingar lenger sør kor det blir produsert meir oppdrettslaks, seier Solberg.
Også kva tidspunkt på året fisken er satt ut i oppdrettsanlegget, kan påverke overlevinga til rømlingane. Vill laksesmolt vandrar ut i havet om våren og tidleg sommar. Då er mattilgangen optimal, og dei naturlege forholda gode for å sette kursen mot oppvekstområda ute i havet.
Oppdrettslaks vert i all hovudsak overført frå ferskvatn til merdar i sjøen anten om våren eller om hausten.
– Oppdrettslaks som vert sett ut i sjøen og rømmer slik at det treff tidspunktet for villaksen si utvandring, har høgare overleving enn ungfisk som vert sett ut i sjøen og rømmer om hausten, seier Nina Strand.
Bruken av dei to smolttypane varierer også mellom nord og sør:
– I sør er det hyppigare bruk av såkalla haustsmolt, som altså har mindre sjanse til å overleve etter rømming, mens det i nord er vanlegare med vårsmolt, seier Strand.
Dersom smolt blir sett ut i merdar med for stor maskeopning, kan dei minste symje rett ut. Forvaltinga har derfor sett søkelys på å hindre slik rømming.
– Oppdrettarane har stort fokus på å bruke rett maskeopning, og det er mogeleg at det er dette vi ser ein effekt av i tala våre, fortel Solberg.
Spesielt i den sørlegaste elva, Suldalslågen, viser tala frå 2011 og 2021 stor forskjell.
– Her har vi observert ein nedgang i tidleg rømt laks, seier Strand.
Strand, N., Glover , K. A., Meier, K., Ayllon, F., Wennevik, V., Madhun, A. S., Skaala, Ø., Hamre K, Fjelldal P.G, Hansen T., Niemela E, Knutar S, Fjeldheim PT, Solberg MF. 2023. Regional and temporal variation in escape history of Norwegian farmed Atlantic salmon. Ices Journal of Marine Science, fsad184.
Sjå òg:
Madhun, A.S., Harvey, A., Skaala, O., Wennevik, V., Knutar, S., Solberg, M.F., Quintela, M., Fjeldheim PT, Meier S, Glover KA. 2023. Caught in the trap: over half of the farmed Atlantic salmon removed from a wild spawning population in the period 2014-2018 were mature. Aquaculture Environment Interactions, 15: 271-285.