Gå til hovedinnhold

Startskotet går for makrell- og økosystemtoktet i Norskehavet

I fem veker skal havforskarar frå fire nasjonar kartlegge makrell, sild, kolmule, rognkjeks, plankton, sjøpattedyr, havmiljø og meire til.

Leigefartøya «Eros» og «Vendla» legg ut frå Bergen 2. juli med dei norske havforskarane om bord. I tillegg seglar fartøy for Færøyane, Island og EU (Danmark).

  • Over ein periode på fem veker skal havforskarar frå Noreg, Færøyane, Island og EU (Danmark) kartlegge eit havområde på omlag 2,5 millionar kvadratkilometer i Nordaust-Atlanteren.
  • Makrellbestanden, som har ei stor utbreiing i Atlanterhavet, har ei sentral rolle i toktet. Forskarane brukar spesialdesigna trål for å berekne makrellbestanden.
  • Dette gir éin av fleire viktige indeksar for å avgjere kor mykje makrell det er forsvarleg å fiske – eit kvoteråd.
  • I tillegg til makrell, registrerer fartøya også andre fiskeslag med ekkolodd, inkludert norsk vårgytande sild, kolmule, lodde, rognkjeks og laks.
  • I 2024 vil toktet også ha systematisk sjøpattedyrteljing.
  • Forskarane målar plankton, havtemperatur andre miljøforhold

Betydeleg kartlegging

– Over fem veker skal vi kartlegge eit område på ca. 2,5 millionar kvadratkilometer i Nordaust-Atlanteren. Det er godt over ein runde rundt jorda, seier Hector Peña, havforskar og årets toktkoordinator.

Og det trengst, for makrellbestanden har ei hovudrolle på toktet. Bestanden har stor utbreiing i Atlanterhavet, sjølv om den har blitt noko redusert dei siste åra, spesielt i vestlege område om sommaren.

foto av en mann
Toktleiar Hector Peña håpar på godt arbeidsvêr i Nordaust–Atlanteren. (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)

På det årlege økosystemtoktet trålar forskarane etter makrell. Det dannar éin av fleire viktige indeksar dei brukar til å anslå kor mykje makrell det er i havet. Deretter kan dei seie kor mykje det er forsvarleg å fiske – det vi kallar eit kvoteråd.

Det internasjonale havforskingsrådet ICES anslo sist at gytebestanden for makrell var på 3,4 millionar tonn.

Målar med trål og akustikk

Makrellen har ikkje svømmeblære og står om sommaren spreidd i mindre stimar nær overflata i jakta på dyreplankton. Då gir han svakt ekko. Hovudmetoden for å anslå kor mykje det er av han om sommaren, er derfor å fiske på forhandsbestemte punkt med spesialdesigna trål.

Fartøya registrerer også fleire andre fiskeslag med ekkolodd, hovudsakleg norsk vårgytande sild og kolmule. I toktet er det også lagt inn tre dagar til å undersøke forekomstane av lodde ved Jan Mayen, etter ønske frå fiskerinæringa og Nærings- og fiskeridepartementet.

Toktet har også indeksar for utviklinga til norsk vårgytande sild og kolmule.

Eit økosystemtokt tar "tempen" på heile havet

– Samtidig brukar vi anledninga til å overvake andre forhold i økosystemet. Det er sild og kolmule, hestmakrell, rognkjeks, atlantisk laks, makrellstørje, kval og dyreplankton. Frå kikkert til mikroskop, med andre ord, seier Hector Peña.

I år blir det også eit ekstra fokus på overvaking av kval undervegs, med fire kvalobservatørar på post kontinuerleg.

foto av to kvinner
Kvalobservatørar Claudia Erber og Anna Victoria Pyne Vinje skal nistirre på havet dei neste vekene. (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskingsinstituttet)

– Dette er i samarbeid med Island og Færøyane, finansiert av den nord-atlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO).

I tillegg kjem omfattande studiar av havtemperatur, -straum og andre miljøforhold.

Toktet held fram til 5. august. Vi legg ut uformelle undervegsrapportar her på hi.no.