Publisert: 01.11.2024
Havforskingsinstituttet (HI) tilrår at den totale fangsten av kongekrabbe ikkje overstig 1510 tonn hannkrabbe i 2025.
– Bestandsvurderinga viser ein auke i den haustbare kongekrabbebestanden, og det ser ut som den reduserte kvoten i inneverande år har ført til ein lågare fiskeridødelegheit, forklarar bestandsansvarleg Ann Merete Hjelset.
For 2024 var den anbefalte kvoten 966 tonn.
Kongekrabbe er ein introdusert art i norske farvatn, og vert forvalta ut frå eit todelt mål.
I Aust-Finnmark er målet å oppretthalde eit langsiktig fiskeri gjennom kvoterådgjeving. Vest for Nordkapp er det derimot fritt fiske av kongekrabbe, for å avgrense kor krabben spreier seg.
Havforskingsinstituttet tilrår at det frie fisket utanfor det kvoteregulerte området vert oppretthalde:
– Dette er både for å redusere kor fort kongekrabben spreier seg, og samstundes for å sikre forvaltningsmålet om å halde tettleiken av kongekrabbe i dette området på eit lågt nivå, seier Hjelset.
I april er kongekrabben freda frå fiske. Det er for å avgrense skadar på krabbar som byter skal og såleis er meir sårbare, og for å verne krabbane i gytesesongen.
Havforskarane rår om at denne fredingsperioden vert utvida til å vare ut mai.
– Vi ser at andelen skadde krabbar – altså dei som manglar bein eller klør – har auka i takt med det tiltakande fisketrykket. Ei utvida fredingsperiode vil kunne hjelpe på dette, seier havforskaren.
I tillegg vil ei utvida freding kunne vere gunstig for fiskeriet:
– Fyllingsgraden er best om hausten og vinteren. Om fisket føregår i denne perioden, er krabben av høgare kvalitet og gir betre utbytte for fiskarane.