Publisert: 04.11.2024
Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) la fredag fram eit oppdatert kvoteråd for nordsjøtorsk i 2025.
Den tilrådde kvoten er 15 511 tonn.
Årsaka til endringa er at ICES oppdaga ein feil i prognosane sine.
– Det var ein feil i framskrivingsmodellen deira, altså den som reknar ut korleis det vil gå med bestandane fram i tid. Vurderinga av korleis det står til med bestandane i dag er ikkje påverka, forklarar havforskar Bjarte Bogstad.
Det nye kvoterådet erstattar rådet frå juni, som var at den samla fangsten ikkje bør vere høgare enn 19 321 tonn.
– Det opphavelege rådet var 15 prosent lågare enn den tilrådde kvoten for 2024, og no vert kvoterådet justert ned endå nokre hakk, seier Bogstad.
Torsken i Nordsjøen er delt i tre underbestandar som gyter på separate felt: Nordvest, sør og «viking» (nordaust). Utanom gytinga om vinteren, blandar fisken seg og vert fanga om ein annan. Rådet tek difor omsyn til bestanden det står dårlegast til med.
For alle underbestandene var det ei rekordsvak 2023-årsklasse.
Du kan lese meir om oppdateringa av rådet på ICES si heimeside.