Gå til hovedinnhold

Er det farleg å ete fisk?


Middag med sei

Fisk har tradisjonelt sett vore ein viktig del av det norske kosthaldet og sett på som ei sunn matvare med mange viktige næringsstoff.

Fotograf: Helge Skodvin / Havforskningsinstituttet

Kronikk i Bergens Tidende 13. oktober: Her er kva forskinga fortel oss.

Fisk har tradisjonelt sett vore ein viktig del av det norske kosthaldet og rekna som ei sunn matvare med mange viktige næringsstoff. I august blei dei nye norske kostråda frå Helsedirektoratet lansert, med anbefaling om å ete fisk to til tre gongar i veka. Enkelte forskarar har kritisert rådet og åtvara barn og kvinner i fruktbar alder mot å ete fisk på grunn av innhaldet av miljøgifter. Som forskarar ved Havforskingsinstituttet har vi følgt med på debatten og merka ei auka bekymring blant folk som er usikre på om fisk er bra for helsa. I dette innlegget vil vi samanfatte kva forskinga seier om dette. 

Nyleg publiserte FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og Verdas helseorganisasjon (WHO) ei nytte-risikovurdering av fiskeinntak som skal gjelde for heile verda. I forbindelse med dette arbeidet fekk forskarar ved Havforskingsinstituttet i oppdrag å lage ei systematisk oversikt over den vitskaplege evidensen på nytten og risikoen av å ete fisk. 

Men først: Kva er vitskapleg evidens? For å kunne gi råd, anbefalingar eller seie noko om samanhengar mellom for eksempel ei matvare og helse, treng vi vitskapleg evidens. For å kunne seie at vi har tilstrekkeleg evidens, treng vi fleire studiar av høg kvalitet som peikar i same retning. Ein enkelt studie på eitt tema er ikkje tilstrekkeleg for å trekke ein konklusjon eller for å gi ei anbefaling. 

I den systematiske oversikta som Havforskingsinstituttet har gjort, har vi gjennomgått tilgjengeleg litteratur som ser på samanhengen mellom å ete fisk, inkludert både feit og mager fisk, og ulike helseutfall, som hjarte- og karsjukdom, barn sin vekst og utvikling, diabetes og kreft. Innhaldet av miljøgifter som finst i fisk, inkludert kvikksølv og dioksin, og dessutan dei negative helseeffektane av desse, er òg teke med i vurderinga.

Vi har systematisk søkt etter vitskapleg litteratur, og til saman blei 53 850 vitskapege artiklar og rapportar funne. Desse blei vidare gjennomgått i samsvar med førhandsdefinerte kriterium, og kvaliteten til studia blei vurdert i samsvar med etterprøvbare og anerkjende metodar. 

Denne systematiske oversikta var grunnlaget då FAO og WHO gjennomførte sin nytte-risikovurdering av å ete fisk. FAO og WHO konkluderte med at det samla sett er sterk evidens for positive helseeffektar av å ete fisk gjennom heile livet i alle aldersgrupper, inkludert for barn og gravide.

Konkrete eksempel frå rapporten viser at auka inntak av fisk hos gravide kan beskytte mot for tidleg fødsel og lav fødselsvekt. Blant vaksne blei det blant anna funne at auka inntak av fisk reduserer risikoen for hjarte- og karsjukdom, demens og Alzheimers sjukdom. Denne vurderinga inkluderer både nytten (næringsstoff) og risikoen (miljøgifter) av å ete fisk.

I nytte-risikovurderinga presiserer FAO og WHO at det er viktig å gjere ei heilskapleg vurdering av å ete fisk. Dersom ein ser på miljøgifta kvikksølv aleine, viser enkelte studium negative effektar på barn si utvikling. Viss ein derimot ser på inntaket av fisk som heilskap, finn ein ikkje igjen desse negative effektane.

I 2022 kom den norske Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) med sin nytte-risikovurdering av fisk i det norske kosthaldet. Dei konkluderte med at helsefordelane ved å auke inntaket av fisk og ete to til tre måltid i veka, slik som Helsedirektoratet anbefaler i kostråda, veg opp for risikoen for negative helseeffektar frå miljøgifter i fisk. Dette er heilt i tråd med konklusjonane frå FAO og WHO. 

Ideelt sett skulle vi ønske at det ikkje var nokon miljøgifter til stades i mat, men miljøgifter er til stades overalt – både i lufta vi pustar og maten vi et, òg i fisk. Men mat inneheld òg viktige næringsstoff som kroppen vår treng. Derfor er det viktig å gjere ei heilskapleg vurdering som òg inkluderer nytten av mat.

Det finst framleis kunnskapshol, og vi veit ikkje alt om samanhengane mellom mat og helse, men basert på den tilgjengelege kunnskapen per i dag, er det positivt for helsa vår å ete fisk.