Publisert: 07.10.2024
Men eigentleg skulle ho ikkje forska på fisk i det heile.
Kva skjer med villaksen når den blir kryssa med oppdrettslaks på rømmen? Det er spørsmålet som har vore utgangspunktet for mykje av Monica F. Solberg sitt arbeid dei siste åra.
– Oppdrettslaksen er avla fram for å gjera det bra i eit oppdrettsanlegg. Der er det andre eigenskapar som gir fordelar, enn dei eigenskapane ein treng for å overleva ute i naturen, forklarar Solberg, som er forskar ved Havforskingsinstituttet.
Når då oppdrettslaks klarer å rømme frå anlegget, komme seg opp i elva og gyte saman med villaksen, kan dei genetiske eigenskapane til oppdrettslaksen bli blanda inn i den lokale bestanden.
– Denne genetiske påverknaden og følgene av den er då mitt felt. Heilt overordna så kan vi sei at avkommet som har «oppdrettsgen» klarar seg dårlegare ute i naturen enn den lokalt tilpassa avkommet til villaksen.
Det er innsatsen på dette forskingsfeltet som har sikra Monica eit prestisjefylt medlemskap i akademiet for yngre forskarar.
Men i studietida var planen verken å jobba med fisk eller lus. Det var nemleg ikkje artar ho som fersk biologistudent var spesielt oppteken av.
– Men så enda eg no likevel opp med ein master på lakselus. Då lærte eg at det er dei grunnleggjande mekanismane som er det spennande, uavhengig av kva art det er snakk om. Og lakselusa er interessant. Det er ein ekstremt tilpassingsdyktig parasitt. Og oppdrett, altså avl, er evolusjon i ekspressfart.
Ein av dei fremste i gratulasjonskøen då opptaket til akademiet blei kjent, var havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.
– Dette er sjølvsagt kjekt for Monica, men også viktig for Havforskingsinstituttet. Vi skal drive verdsleiande havforsking, og dette stadfestar at vi har unge forskartalent på veg opp. Monica har allereie markert seg med både forsking og formidling av eit samfunnsrelevant tema, så det er ikkje ei overrasking at ho no har fått plass i akademiet.
Solberg sjølv syns det er stor stas å få bli medlem i akademiet – og få bruke tid på fleire hjartesaker.
– Eg har fylgt arbeidet deira over tid, og gler meg no til å få bli med å jobba tverrfagleg med forskingspolitikk og dei sakene som er viktige for oss yngre forskarar.
– Også gler eg meg også til å jobba endå meir med å formidla forsking, for det er definitivt ei hjartesak for meg. Faktisk var journalistikkutdanning mitt andre alternativ i ungdommen, så det passar meg midt i blinken.