Gå til hovedinnhold

Etablerer første nasjonale register for stranda kval, sel og kvalross


Ei daud nise som ligg på land

Denne nisa er den første meldinga om eit stranda sjøpattedyr som kom inn til Dugnad for havet. 

Fotograf: Dugnad for havet

Meld frå om du oppdagar stranda sjøpattedyr.

Kvart einaste år strandar eit uvisst tal kval, sel og kvalross langs norskekysten. Til no har det ikkje eksistert noko nasjonal registrering av desse sjøpattedyra. 

No opnar Havforskingsinstituttet for meldingar gjennom folkeforskingsplattforma vår Dugnad for havet

– Noreg har verdas nest lengste kyst, og vi treng hjelp frå frivillige for å halde auge med kva dyr som strandar her, seier forskar Kathrine A. Ryeng. Ho er havforskinga sin eigen veterinær, og leier prosjektet. 

Kven strandar kor?

– Sjøpattedyr er viktige indikatorar for helsa i det marine økosystemet. Kva dyr som strandar, kor og når, kan gje oss mykje informasjon om det som føregår i havet, fortel Ryeng.

Registreringane vil verte brukte til å få oversikt over kva artar som strandar, strandingsmønster og i nokre tilfelle eventuelle årsaker. 

– Sjøpattedyr kan strande når som helst på året, men for enkelte artar er det meir sannsynleg i visse sesongar eller enkelte område, forklarar veterinæren. 

Vågekvalen, til dømes, held seg i sydlege strok, men vandrar til norskekysten om våren. For kystsel er det truleg at ei eventuell stranding hender i nærleiken av kor koloniane held seg. 

– Men nøkkelen er om dei vert oppdaga? Det er som oftast når folk er i fjæra i sommarhalvåret at dei ser stranda sjøpattedyr, men det betyr ikkje at desse ikkje strandar andre tidar på året.  

Rykker ikkje ut – treng ditt vakne blikk

Ryeng og kollegaane kjem som hovudregel ikkje til å rykke ut til dei stranda sjøpattedyra, med mindre det dreier seg om hendingar med uvanleg dødelegheit.  

– Vi har rett og slett ikkje kapasitet eller høve til å undersøke enkeltdyr som strandar, seier veterinæren.

Difor set dei ekstra stor pris på alle detaljar som vert melde inn i Dugnad for havet. 

Kor lang er kvalen frå snutespiss til vika i halefinnen? Kva tilstand har sjøpattedyret – er det ferskt eller har det lege så lenge at det luktar sterkt og skrotten har kollapsa? 

I tillegg ber veterinæren om bilete av hovudet og munnen, av kjønnsopningar og anus (om mogleg), og av eventuelle sår, kutt eller skadar. 

– Dette er for å kunne stadfeste kva art sjøpattedyret er, kva kjønn det er, og i tilfelle det er mogeleg å få ein viss indikasjon om kvifor dette dyret stranda, forklarar Ryeng.