Publisert: 23.04.2025
Våren er tidleg i år, og det same er etnelaksen. Den første fisken kom heim allereie 15. april.
Det var ei hoe på 89 centimeter og 5,7 kilo.
– Vanlegvis plar vi ha gjettekonkurranse på stasjonen her, om når første laksen kjem heim. Det rakk vi ikkje i år, fordi første fisken var så tidleg, seier Per Tommy Fjeldheim. Han er forskningsteknikar og driftsleiar i Etne.
– Temperaturen som er i elva no, liknar temperaturane vi har i mai.
No er årets direktesending i gang – og du kan følgje heimkomsten frå sofaen.
I Etneelva registrerer Havforskingsinstituttet all oppvandrande fisk ved hjelp av ei fiskefelle.
I «grensekontrollen» vert kvar enkelt fisk nøye inspisert: lengd, vekt og alder vert registrert og ei lita DNA-prøve teke.
Er du ein villaks eller ein sjøaure, så får du symje vidare som før etter kontrollen. Er du ein pukkellaks eller ein oppdrettsrømling, så stoppar ferda i fella.
I 2024 kom gjekk den første laksen i fella 1. mai. Til no i år, har to laks og ei aure gått i fella og avlagt sine vitale mål og prøver.
– Den andre fisken som gjekk i fella var i endå betre hald enn den første. Dette var også ei hoe. Ho strekte seg 86 centimeter, og var såleis nokre knepp kortare, men ho vog 6,3 kilo. Ein skikkeleg tjukklaks, seier Fjeldheim.
I tillegg har ein aure gått i fella. Dette var også ei hoe, som var 62,5 centimeter og vog 2 kilo.