Mona Fuhrmann registrerer djuphavsartar i skogar av bambuskorallar i Tysfjorden. Video vert overført i sanntid frå ROV-en i fjorddjupet til kontrollrommet på fartøyet.
Fotograf: Kathy Dunlop og Mona M. Fuhrmann / HavforskningsinstituttetPublisert: 14.04.2025
– Bambuskorall-skogar er uvanleg vidstrekte og tette i Tysfjorden, samanlikna med det vi kjenner frå andre fjordar, seier marinbiolog Mona Maria Fuhrmann.
For halvtanna år sidan, var ho på feltarbeid langs fjorden i Nordland.
Med ein undervassfarkost som filma strekningar langs den djupe fjordbotnen, logga ho artane ho såg på skjermen i småbåten.
Bambuskorallen (Isidella lofotensis) var relativt vanleg i Tysfjorden, men på verdsbasis er han av dei sjeldnare sortane.
Bambuskorall er ein raudlista art i Noreg, og han er eit særnorsk syn. Berre i norske farvatn er denne korallen påvist.
– Det betyr at Noreg også har eit særskild ansvar for å forvalte arten, seier havforskaren.
– Vi såg bambuskorallskogar som var uvanleg tette i dei djupe bassenga midt i Tysfjorden og ytst i Hellmofjorden.
Kartlegginga har lete forskarane modellere korleis førekomstane kan vere i områda der dei ikkje har kika ned i fjordmørkret. Denne modelleringa syner at bambuskorallskogane kan vekse i store deler av dei djupe fjordbassenga, både i ytre og midtre deler av fjorden.
– Desse bambusskogane gjer at fjorden framstår unik, og bør verte forvalta med omhu, seier prosjektleiar Tina Kutti.
Kartlegginga i Tysfjorden er utført på oppdrag frå Statsforvaltaren i Nordland, og skal støtte planarbeidet med å greie ut Tysfjorden marine verneområde.
Funna syner at det er eit rikt artsmangfald i Tysfjorden, heilt frå 60 meter djupne til 620 meter.
– Den djupe Tysfjorden husar eit mangfald av sårbar natur. Her er rikelege førekomstar av korallrev, korallskogar, svamphagar og sjøfjærhagar, seier Fuhrmann.
– Desse speler viktige økologiske roller, fordi dei er heimane til tusentals andre artar – anten det er mikroorganismar, virvellause dyr eller fisk.
Forskarane har registrert 137 forskjellige artar frå mange ulike dyregrupper – og aller hyppigast var nettopp korallar og svampar.
Til saman registrerte dei sju raudlista artar, og minst éin av dei vart observert på 31 av dei 55 granska stasjonane.
– Desse heldt seg særleg på dei bratte fjordveggane, dei straumrike terskelområde og i dei djupe fjordbassenga.