Gå til hovedinnhold

Overvintringstokt: Store sildestimar i nord


Utsikt fra styrehuset på fartøyet Johan Hjort.

Svært krevjande vêrforhold gjorde at områdedekninga til havs vart noko mindre enn opphaveleg planlagt, men toktet var likevel ein suksess.

Fotograf: Espen Johnsen / Havforskingsinstituttet

To årsklassar dominerte fullstendig i sildesamansetninga.

– På ekkogrammet frå Altafjorden såg vi omtrent fem kilometer samanhengande med sild frå 100 meter til 350 meters djupne. Det er ganske enorme mengder, seier havforskar og toktleiar Espen Johnsen.

I desember kartla forskarane om bord på fartøyet «Johan Hjort» overvintringsområda til norsk vårgytande sild. 

Og resultata synte at i nokre av desse fjordsystema var der mykje sild.

Her var det mest sild

På det akustiske tråltoktet undersøkte forskarane områda kor dei rekna med at silda overvintra i Nord-Troms og Vest-Finnmark.

Silda er dynamisk i vintervanane sine. Etter å ha opphalde seg same staden vinter etter vinter, kan ho plutseleg flytte på seg. 

– Vi såg store stimar med høge tettleikar av sild i indre deler av Kvænangen, i Altafjorden og i vestre del av Sørøysundet, seier havforskaren. 

 

Ekkogrammet viser en veldig stor stim av sild
Ekkogram av stor sildestim registrert i Stjernsundet den 12. desember under nvg-overvintringstoktet 2024. Foto: Havforskingsinstituttet

Sidan 2017-2018 har store mengder nvg-sild overvintra i Kvænangen-området. Dei siste to vintrane har ho også teke seg til rette i Altafjord-området. 

Det var mindre trongt om plassen andre stadar. 

I områda kring Hammerfest, ytre del av Kvænangen, Lopphavet og vest av Skjervøy, såg havforskarane ubetydelege mengder sild. 

Friskt blod i eldrebølgja

Vidare viser tokt-resultata at det er særleg to årsklassar som dominerer hos nvg-silda som har brukt vinteren i nord. 

– 2016-årsklassen og 2021-årsklassen utgjorde omtrent 70 prosent av individa. Det er dei sterke åtteåringane og dei lovande treåringane, seier Johnsen.

Funna frå dette toktet går ikkje inn i bestandsvurderinga, men dei samsvarar med data forskarane har frå andre tokt. 

– Dette styrker funna vi har frå tidlegare om at 2021-årsklassen er over middels sterk, endå det er for tidleg å setje to strekar under svaret.

 

Referanse:

Are Salthaug, Espen Johnsen og Erling Kåre Stenevik. Norsk vårgytende sild overvintringstokt 2024 med F/F Johan Hjort. Toktrapport 2025-3. 

Toktet var finansiert av Norges Sildesalgslag.