Publisert: 12.03.2025
På bestilling frå Nærings- og fiskeridepartementet, gjer havforskarane no opp status for verdas største tunfisk i Norge. (Les den vitskaplege rapporten her.)
– Makrellstørjene har auka markant i mengd og utbreiing i norske farvatn sidan comebacket i 2012, seier havforskar Leif Nøttestad.
Hovudgrunnen er at sjølve bestanden også har auka kraftig etter at den internasjonale forvaltninga slo ned på overfiske. Ein auka bestand har ført til auka utbreiing av makrellstørje lenger nord i Atlanterhavet. I tillegg har rekrutteringa styrka seg med solide årsklassar (eller "kull") dei siste åra.
Kjempefisken svømmer no i store stimar langs kysten vår frå juni til desember, med hovudtyngd frå august til oktober. Stimane blir større utover hausten, i takt med stimane av byttefisk.
Satellittmerkinga til Havforskingsinstituttet viser at størjene i snitt er i Norge 68 dagar.
Dei har sterk "homing" – altså at dei oppsøker nøyaktig dei same plassane til dei same tidene kvart år. Vestlandet er ein klar hotspot, der dei held seg i den mest aktive beiteperioden.
– Her meskar dei seg i pelagiske fiskeartar som sild og makrell. Denne beitinga har utvilsamt også påverka bestandane av byttefiskar, sjølv om vi ikkje veit i kva grad, seier Nøttestad.
Makrellstørja har formidabel appetitt, og ho er ikkje kresen. Ein fisk på 350 kilo kan truleg legge innpå over 20 kilo mat kvar dag.
– Dette er noko vi må ta høgd for når vi bereknar størrelsen på dei andre pelagiske bestandane, og gir kvoteråd, fortset han.
Det finst i hovudsak to bestandar av makrellstørje i Atlanterhavet. Ein vestleg bestand gyter i Mexicogulfen, og ein austleg bestand gyter særleg i Middelhavet.
Merkeforsøka og dna-prøver tatt i Norge, viser at makrellstørjene som tar turen hit, i all hovudsak høyrer til den austlege bestanden.
Animasjonen viser alle dei satellittmerkte størjene sine rørsler i eitt år. Det er så lenge merket henger på.
Også fiskeriet har utvikla seg kraftig sidan Norge igjen fekk kvote på makrellstørje i 2016.
Då var det eitt ringnotfartøy som fiska størje.
I 2024 var det 8 ringnotbåtar, 1 linebåt, 24 småskala kystfiskebåtar, og 79 rekreasjonsfiskelag som hadde lov å fiske.
Likevel er Norge langt frå å fange heile kvoten. I 2024 blei det hausta til saman 161 tonn, av ein kvote på 386 tonn, seier Nøttestad.
Den internasjonale totalkvoten for austleg makrellstørje er på 40.570 tonn for kvart av åra 2023-2025.
– Den norske flåten samarbeider no betre, og fangsteffektiviteten for dei norske ringnotfartøya har gått opp sidan starten. Flaskehalsen er nok kvalitet og pris, seier Nøttestad.
For sjølv om vi stadig kan lese om makrellstørjer som blir selde på auksjon i Japan til svimlande summar, er ikkje det realiteten for norske ringnotfiskarar.
Jo større fangstane er, jo meir arbeid er det å få dei enorme fiskane om bord, avliva, kjapt på kjøl og ut i marknaden. Samtidig blir etterspørselen låg i forhold til tilbodet – marknaden blir fort metta i sesongen.
– Norske notfiskarar har valt andre fiskeri framfor makrellstørje dei siste åra, blant anna på grunn av at makrellstørjefiske har vore mindre lønsamt, seier Nøttestad.
Derfor bør det vere topp prioritet å løyse kvalitetsutfordringa, seier han.
I 2023 lyktes havforskarane for første gong å "lagre" makrellstørje levande.
Saman med Fiskebåten "Vestbris" fanga dei over 20 størjer i not, overførte dei til ein transportmerd og taua fiskane inn til land.
Å kunne lagre fiskane i merd er ein heilag gral for fiskeriet. Då kan du avlive fiskane kontrollert og "på bestilling" når marknaden er mest betalingsvillig. Forsøka fortset i 2025.
Nøttestad trur uansett at verdiskapinga i størjefisket vil auke framover.
– Med åra har myndigheitene fordelt kvoten på ein stadig meir variert gruppe fartøy, seinast småbåtar som driv kommersiell størjefangst med stong, i tillegg til rekreasjonsfiske. Også charterfiske har blitt diskutert, seier forskaren.
– Ei slik diversifisering kan gi økonomiske ringverknader, opne nisjemarknader, og generelt auke fiskarkompetansen, seier forskaren.
HI har nyleg fått midlar frå Forskingsrådet til å studere fiskevelferd og kvalitet på makrellstørje fiska kommersielt på stong.
– Der undersøker vi blant anna korleis størja oppfører seg under "fighten" altså med krok i munnen. Vi skal også sjå på nye moglegheiter for avliving, blant anna med straum, seier Nøttestad.
Les heile kunnskapsstatusen som nettrapport her.