Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Lodde i Barentshavet


Lodde red
Fotograf: Aleksandr Pavlenko, Pinro
Anbefalt kvote 2020
0
tonn
Anbefalt kvote 2019
0
tonn
Avtalt kvote 2019
0
tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår, i tråd med forvaltingsplanen fastsett av Den norsk-russiske fiskerikommisjonen, at det ikkje bør fiskast lodde i Barentshavet i 2020.

Historisk bestandsutvikling

Den modnande delen av bestanden vart funnen å vera betydeleg mindre enn hausten 2018, rundt 300 000 tonn. Talet på eittåringar var også lågare enn i 2018, og  det lågaste sidan 1995.

Bestandens tilstand

ICES reknar at gytebestanden 1.april 2020 mest sannsynleg vil vera på 85 100 tonn, og at det er 97,8 % sannsyn for at gytebestanden er under 200 000 tonn.

Venta bestandsutvikling

* Råd for 2020 samanlikna med råd for 2019

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Bestandsvurderinga er basert på den akustiske dekninga som inngår i økosystemtoktet i Barentshavet. Områdedekninga i toktet var god og dekka så godt som heile utbreiinga av bestanden. Eit mindre område i nordaust vart ikkje dekka, men like sør for dette området var det ikkje lodde og ein ville ikkje vente å finne lodde i dette nordaustlege området ut frå tidlegare observasjonar.

Saker relevant for rådet

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 12
Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (Bifrost/Captool)

Nøkkeltall

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 200 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): Ikkje relevant
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY-Btrigger): Ikkje relevant
Kritisk fiskedødsrate (Flim): Ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): Ikkje relevant
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): Ikkje relevant
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): Ikkje relevant
Venta fiskedødsrate i 2019: Ikkje relevant
Venta gytebestand i 2020: 85 110 tonn (90% konfidensintervall:  38 830 tonn–171 850 tonn)

Standardplott

Fangst, rekruttering, gytebestand (1. april) og målt bestand om hausten for lodde i Barentshavet. Fangst, gytebestand og målt bestand om hausten i millionar tonn, rekruttering i milliardar eittåringar. Det skraverte grøne området viser 90 % konfidensintervallet (595%) for gytebestanden.