Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Kysttorsk nord for 62 grader N


kysttorsk nord for 62N kvoterådbilde

ICES sitt råd

ICES tilrår på bakgrunn av den eksisterande gjenoppbyggingsplanen at dersom gytebestands-indeksen i kysttoktet i 2020 (resultat ligg føre tidleg i desember) er lågare enn indeksen i 2019, skal fiskerireguleringane sikte mot ein reduksjon av fiskedødsrate i 2020 på minst 75 prosent relativt til fiskedødsrate i 2009. Dersom toktindeksen er høgare enn i 2019, skal fiskerireguleringane sikte mot ein reduksjon av fiskedødsrate i 2020 på minst 60 prosent relativt til fiskedødsraten i 2009.

Historisk bestandsutvikling

Toktmålingane av gytebestanden har variert uten klar trend i dei to siste tiåra. Fiskedødsraten hadde ein minkande trend i 2000-2014, auka i 2015-2017, men gjekk ned litt i 2018 og 2019.

Bestandens tilstand

ICES kan ikkje vurdere status for bestanden og fisket samanlikna med referansepunkt for høgt langtidsutbytte og føre-var-tilnærming, fordi desse referansepunkta ikkje er definerte for denne bestanden.

Venta bestandsutvikling

Det er ikkje laga nokon prognose for venta bestandsutvikling.

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Bestandsvurderinga er usikker. Det er fleire grunnar til dette: Uvisse i splitting av fangstane mellom nordaust-arktisk torsk og kysttorsk, der kysttorsk er ein liten del av totalfangsten av torsk, usikre tal for fritids- og turistfiske, toktet dekkjer ikkje den delen av bestanden som står i grunne område.

Saker relevant for rådet

Gjenoppbyggingsplanen har no vore operativ i 9 år. Planen tilseier at fiskedødsraten i 2020 skal vere minst 60% lågare enn i 2009. Bestandsvurderinga i 2020 viser ingen klar minke i fiskedødsrate. Fangstane i 2019 er om lag av same storleik som i dei føregåande åra. Dei reguleringane som har blitt innført, har såleis ikkje gitt den ønska effekten.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 3
Bestandsvurderingstype: Toktindeks og estimat av F frå ein forsøksvis VPA-modell.

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): Ikkje definert
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): Ikkje definert
Kritisk fiskedødsrate (Flim): Ikkje definert
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): Ikkje definert
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan: trinnvis reduksjon inntil gjenoppbyggingsmålet er nådd.

Standardplott

Havforskingsinstituttets kommentarar

I mai 2020 la Havforskingsinstituttet fram eit forslag til gjenoppbyggingsplan for denne bestanden

Rapporten tilrår å dele forvaltingsområdet i 2 eller 3 område (ei grense i Vestfjord-området ved 67 °N og ei mogleg grense ved 65° N). Dette er grunngitt delvis med resultat frå genetiske undersøkingar og delvis med graden av dekning i tokta og prøvetakinga frå fiskeria.