Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordsjøsild


Nordsjøsild fangst
Anbefalt kvote 2022
532 183
tonn
Anbefalt kvote 2021
359 367
tonn
Avtalt kvote 2021
356 357
tonn

Tilrådd kvote 2022: 532 183 tonn i direktefisket (532 183 tonn totalt) 
Tilrådd kvote 2021: 359 367 tonn i direktefisket (365 792 tonn totalt)
Avtalt kvote 2021: 356 357 tonn i direktefisket

ICES sitt råd

ICES tilrår, i tråd med MSY-tilnærminga, at fangsten i 2022 ikkje bør overstige 532 183 tonn.

Historisk bestandsutvikling

ICES vurderer fiskepresset på bestanden til å vere lågare enn FMSY, Fpa og Flim; og gytebestanden til å vere over MSY Btrigger, Bpa og Blim.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn

Fangst 2022 (tonn)

F(2-6) i 2022

Gytebestand i 2022 (tonn)

% endring i gytebestand*

% endring i kvote**

% endring i råd***

MSY-tilnærminga

532 183 0,31 1 280 829  - 7,4% +47%  +45%

* Gytebestand i 2022 samanlikna med gytebestand i 2021
** Råd for 2022 samanlikna med kvote i 2021
*** Råd for 2022 samanlikna med råd for 2021

Grunnlaget for ein 45% auke i fangstråda er todelt. For det første har minimetoderevisjonen (interbenchmark) av bestanden i juni ført til endringar i både bestandsvurderingsmodellen og referansepunkta, og ein auke i FMSY. For det andre tyder data frå 2021 på svakare bestandsnedgang etter 2016 enn tidlegare antatt.

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Bestanden gjekk gjennom ein minimetoderevisjon (interbenchmark) i 2021. Hovudfokuset var handteringa av nye estimat for naturlig dødelegheit i bestandsvurderinga. Prosessen resulterte i ei forbetring av bestandsvurderingsmodellen.

Sensitivitetstesting viste at estimeringa av referansepunkt for Nordsjøsild er svært var for val av tidsperiode og kva gytebestand-rekrutteringsmodellar som vert brukt.

Saker relevant for rådet

Grunna nullrådet for vestleg baltisk sild, rår ICES til eit nullfiske for sild i Skagerrak-Kattegat då innblandinga av vestleg baltisk sild i dette området er stor.

Den nye bestandsvurderingsmodellen resulterte i ein lågare estimert bestandsstorleik før 2020 og høgare fiskedødelegheit enn i førre bestandsvurdering. Minimetoderevisjonen førte også til ei oppdatering av referansepunkta for bestanden. Det nye referansepunktet for kritisk gytebestandsnivå Blim har auka til 874 198 tonn.

MSY referansepunkta er oppdaterte med ein lågare MSY-Btrigger (1 232 828 tonn) og ein høgare FMSY (0,31). Auken i FMSY er hovudsakeleg eit resultat av endringar i seleksjonsmønstre i fisket og gytebestands-rekrutteringsmodellen brukt i estimeringsprosessen. Data frå 2021 tyder på at den bratte nedgangen i bestanden observert sidan 2016 har minska, og gytebestandsbiomassen er no over MSY-Btrigger. Svakare bestandsnedgang etter 2016 enn tidlegare antatt og høgare FMSY fører til eit høgare fangstråd for 2022 samanlikna med 2021.

Dette rådet inneber ein stor auke i kvote for 2022. FMSY-estimatet er sensitivt for føresetnader om produktiviteten til bestanden og endringar i seleksjon dei siste åra. Stabilitetselement, som kvoteavgrensingar, kan vurderast for å dempe svingingar i fangsten i dei komande åra.

Som ein konsekvens av Brexit-avtalen, kan det skje endringar både når det gjeld fiskeområde og seleksjonsmønstre i sildefisket i Nordsjøen i 2021–2022.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori 1

Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SAM)

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 874 198 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 956 483 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY-Btrigger): 1 232 828 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,40
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,31
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,31
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): ingen forvaltningsplan*
Venta fiskedødsrate F(2-6) i 2021: 0,186
Venta gytebestand i 2021: 1 383 486 tonn

* EU-Noreg bad ICES vurdere ulike forslag til forvaltningsplanar. ICES presenterte resultata i ein rapport i 2019, men det er ikkje semje om ein ny forvaltningsplan enno.

Standardplott

Grafisk framstilling av bestandsvurdering
Sild i ICES Subarea 4 og Div. 3.a og 7.d, haustgytarar. Samandrag av bestandsvurderinga; 95% konfidensintervall er viste for gytebestand (SSB), F, og rekruttering.