Publisert: 28.03.2019 Oppdatert: 23.07.2024
Silda er ein nøkkelart i Nordsjøen; viktig som predator på hoppekreps og som bytte for andre fiskebestandar, sjøfugl og sjøpattedyr. Nordsjøsilda begynner å bli kjønnsmoden når han er 2–3 år, men kor stor del som er moden ved ein gitt alder, vil variere frå år til år, avhengig av fødetilgang og vekst. Sild gyt på botnen, og er avhengig av eit spesielt botnsubstrat for å gyte. Kvar ho-sild produserer mellom 10 000 og 60 000 egg, avhengig av lengda på fisken. Egga blir gytte og befrukta like over botnen, søkk og kleber seg fast i sand, grus, stein, tang og tare.
Larvene blir klekka etter 15–20 døgn. Dei nyklekte larvene stig opp i dei øvre vasslaga der dei driv med straumen til oppvekstområde i søraustlege Nordsjøen og Skagerrak–Kattegat. Her held dei seg til dei blir kjønnsmodne og vandrar mot gyteområda vest i Nordsjøen.
Silda i Nordsjøen blir fiska i eit direkte fiske med trål og ringnot, og som bifangst i industritrålfisket.
Det er fleire nasjonar som fiskar sild i Nordsjøen. Noreg, Danmark og Nederland tek brorparten av fangstane. Fangstane i det norske sildefisket har lege mellom 0 (1982) og 605 000 tonn (1965), i gjennomsnitt 117 000 tonn (1960–2021).
Innføring av kraftblokk i sildefisket tidleg på 1960-talet mangedobla utbyttet og førte raskt til ein sterk reduksjon av bestandsstorleiken. På 1970-tallet kollapsa bestanden og fisket blei stengt i 1977. Bestanden og fangstane auka utover 1980-åra til ein ny topp i 1988. Dei påfølgande åra kom det strenge restriksjonar på uttak av småsild. EU og Noreg avtalte første gang ein haustingsregel for nordsjøsild i 1998. Haustingsregelen har blitt revidert fleire gonger, blant anna for å ta omsyn til svakare rekruttering etter 2001.