Publisert: 21.06.2024 Oppdatert: 02.07.2024
Den felles russisk-norske arbeidsgruppa for arktiske fiskeri (JRN-AFWG) tilrår at når ein følgjer forvaltingsplanen vedtatt av den norsk-russiske fiskerikommisjonen, bør fangstane i 2024 ikkje overstige 311 587 tonn.
Fiskepresset er over Fpa, under Flim, og innanfor intervallet gitt i forvaltingsplanen (0,40-0,60), og gytebestanden i 2024 er over Bpa og Blim og mellom nedre og midlare knekkpunkt (SSBmgt verdiar) i forvaltingsplanen.
Bakgrunn |
Fangst 2025 (tonn) |
Grunnlag | F i 2025 | SSB i 2026(tonn) | % endring i SSB* | % endring i kvote** | % endring i råd*** |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Forvaltningsplan | 311 587 | Forvaltningsplan | 0,43 | 410 740 | -9 | -31 | -31 |
* SSB i 2026 samanlikna med SSB i 2025
**Fangst i 2025 samanlikna med kvote i 2024
*** Råd for 2025 samanlikna med råd for 2024
Sidan gytebestanden (SSB) i 2025 er under Bpa = 460 000 tonn blir F = 0,40*SSB(2025)/ Bpa = 0,3918 brukt i 3-års prediksjonen, som gir fangstar på 287 330, 309 101 og 338 329 tonn i hhv. 2025, 2026 and 2027. Gjennomsnittet av dette er 311 587 tonn. Sidan gytebestanden er under Bpa i 2025, gjeld ikkje avgrensinga på maksimalt 20% årleg nedgang i kvoten (TAC).
Rådet for 2025 er 31% lågare enn for 2024 på grunn av minkande bestand og nedjusteringa av bestandsnivået.
Etter metoderevisjonen i 2021 har bestandsvurderingane vore relativt konsistente frå år til år, men rekrutteringsprognosene har vore for optimistiske.
På grunn av at russiske forskarar er suspendert frå ICES, vart bestandsvurderinga, som i 2022 og 2023, gjort av den felles russisk-norske arbeidsgruppa for arktiske fiskeri (JRN-AFWG) samansett av forskarar frå VNIRO i Russland og frå Havforskingsinstituttet. Metodikken frå siste ICES metoderevisjon vart brukt.
Bifangst av vanleg uer og kysttorsk i fisket etter nordaust arktisk torsk bør gjerast så låg som mogleg.
Rådet i år er betydeleg lågare enn i fjor på grunn av minkande bestand som blir bekrefta av låge toktindeksar, og dessutan under middels rekruttering til bestanden.
Rekrutteringa har vore under middels etter 2014-årsklassen. Prognosene for 2026 og dei følgande åra indikerer at gytebestanden vil vere under Bpa og at fangstane og totalbestanden vil vise ein liten auke etter 2025, og at gytebestanden vil nå eit botnnivå i 2027 og deretter auke svakt.
ICES bestandskategori: 1
Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SAM).
Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 220 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 460 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSYBtrigger): 460 000 tonn Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,74
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,40
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,40
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,40-0,60 (nivået blir auka for høge gytebestandar i følge den gjeldande forvaltingsplanen)
Venta fiskedødsrate i 2024: 0,589
Venta gytebestand i 2025: 450 572 tonn
For rekruttering, F og gytebestand viser plotta konfidensintervall (95%). For denne bestanden er FMGT=FMSY og SSBMGT=MSYBtrigger=Bpa, difor fell linjene som representerer desse punkta saman på figuren. SSB: totalbestand, TSB: Bestand av 3 år gammal og eldre fisk.