Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordsjøsild (sild i Nordsjøen, Skagerrak, Kattegat og den austlege engelske kanal)


En haug med små sølvfarget fisk

Nordsjøsild er en pelagisk stimfisk som finnes i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat.

Fotograf: Jan de Lange / Havforskningsinstituttet
Anbefalt kvote 2025
412 383
tonn
Anbefalt kvote 2024
532 166
tonn
Avtalt kvote 2024
510 323
tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår, i tråd med MSY-tilnærminga, at fangsten i 2025 ikkje bør overstige 412 383 tonn.

Vest-baltisk vårgytande sild (WBSS) blir fanga i eit blandingsfiske med haustgytande nordsjøsild (NSAS) og ICES tilrår at det bør vere nullfangst for WBSS i 2025. WBSS-sild opptrer saman med NSAS-sild i den nordaustlege delen av Nordsjøen og i Skagerrak-Kattegat. Ein bør unngå uønskt fangst av WBSS-sild i sildefisket for effektiv betring av bestandstilstanden til WBSS-sild.

Historisk bestandsutvikling

Fiskepresset på bestanden er lågare enn FMSY, og gytebiomassen er over MSY Btrigger, Bpa og Blim.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn Fangst 2025 (tonn) F(2-6) i 2025 Gytebestand i 2025 (tonn) % endring i gytebestand* % endring i kvote** % endring i råd***
MSY-tilnærminga 412 383 0,313 1 106 378 -20,2 31,8

28,3

* Gytebestand i 2025 samanlikna med gytebestand i 2024
** Antatt fangst i 2025 samanlikna med kvote i 2024 (begge deler i direktefisket, den såkalla A-flåten)
*** Råd for 2025 samanlikna med råd for 2024

Nedgangen på 22,5 % i fangstrådet kjem hovudsakeleg av nedjusteringa av 2022-årsklassen forårsaka av den lågast observerte IBTS-Q1 toktindeksen i tidsserien i 2024. 2022-årsklassen bidreg til gytebestanden som igjen vert nytta til å berekne fiskedødeligheiten som vert brukt i fangstrådet for 2025.

Kvaliteten på bestandsvurderinga

I årets vurdering vart estimata for naturleg dødeligheit oppdatert, noko som utløyste eit behov for ei re-evaluering av referansepunkta. Dei nye referansepunkta er på nivå med dei gamle.

Nivået på fiskedødeligheit og gytebestand (SSB) er på nivå med  fjoråret. Rekrutteringa 2022-2023 er revidert ned, spesielt 2022-årsklassen (rekruttering i 2023).

Revideringar over tid av rekruttering er relatert til at Downs gytekomponenten, som i det siste har bidrege mykje til bestanden, ikkje er godt dekka av IBTS-0-indeksen. I tillegg kan varierande vêrforhold føre til variabel fangbarheit.

Saker relevant for rådet

Fiskemoglegheitene

Ny naturlig dødelighet og oppdatering av referansepunkt. Nye estimat på naturleg dødeligheit frå fleirbestandsmodellen i Nordsjøen var tilgjengelege og blei tatt i bruk i bestandsvurderinga for nordsjøsild i 2024. Dette medførte ei oppdatering av referansepunkta.

Rekruttering siste åra. Bestanden har hatt låg produktivitet, assosiert med låg rekruttering, sidan 2002.

Forutsetnader for B-flåten i prognosen. ICES si regel for MSY-rådgjeving har ikkje rom for aldersspesifikke mål for fiskedødeligheit. I ICES si MSY-tilnærmings prognose blir B-flåten, som hovudsakeleg fangar alderen 0-1, vert fiskedødeligheiten skalert med A-flåten, som hovudsakeleg fangar alder 2-6, si fiskedødeligheit. Dette gjev ein F0-1=0,069 (fangst på 11 467 tonn).

Gytekomponentar. Nordsjøsild har fleire gytekomponentar, inkludert Downs-silda som gyt i sør. Desse komponentane vert fiska på eigne gytefelt og i eit blanda fiskeri i den sentrale og nordlege Nordsjøen. For å bidra til å beskytte Downs-komponenten er det sett ei makskvote for fiskeriet i sør (Div. 4.c og 7.d). Desse vernetiltaka bør fortsette.

Flåtedefinisjon som brukt i rådet. Ved adressering av fangstalternativ for nordsjøsild, må fangst av A-, B-, C- og D-flåtane i Nordsjøen, Skagerrak, Kattegat og den austlege engelske kanal vurderast samtidig. Inndata for fangst er fordelt på desse ulike flåtane basert på føresetnadar som avvik frå definisjonen av desse flåtane for forvaltingsføremål (basert på kvotefastsettingar). I samanheng med dette rådet er flåtane for augneblinken beskrive som følgjer:

Flåte A: Direkte fiske etter sild til konsum i Nordsjøen og den austlege engelske kanal, men inkluderer bifangstar av sild i det norske industrifisket. Fangsten av sild er nesten utelukkande nordsjøsild, med noko fangst av vestleg baltisk sild i den austlege delen av Nordsjøen.

Flåte B: Industriell bifangstflåte frå EU-nasjonar og Storbritannia som fiskar etter brisling, augepål og tobis i Nordsjøen. Fangsten av sild vert rekna som nordsjøsild.

Flåte C: Direkte fiske etter sild til konsum i Kattegat og Skagerrak. Denne flåten inkluderte til og med 2021 også fangstar frå det småmaska svenske fisket. Fangsten av sild består av både nordsjøsild og vestleg baltisk sild.

Flåte D: Bifangst av sild i Kattegat og Skagerrak i det danske, og, frå 2022, det svenske småmaska industrifisket etter brisling, augepål og tobis. Fangsten av sild består av både nordsjøsild og vestleg baltisk sild.

Fleksibilitet mellom område. Overføringar av kvote frå Skagerrak/Kattegat til Nordsjøen gir ein auke i fangstar av nordsjøsild og lågare fangstar av vestleg baltisk sild. 2025-overføringa er ikkje kjent enno. Implikasjonane av overføring er kanskje ikkje fullt ut tatt omsyn til i ICES sitt råd for 2025.

Fangstar av WBSS-sild i nordaustre del av Nordsjøen vil krevje nye forvaltingstiltak. ICES gjev eit nullråd for WBSS. Fangsten av WBSS i Nordsjøen dei siste åra er estimert til 3 756 tonn (gjennomsnitt for 2021-2023). Fangstane av WBSS i 2024 er forventa å vere større i Nordsjøen enn i Skagerrak-Kattegat og vestlege Austersjøen. Utan ytterlegare område- og sesongmessige restriksjonar på sildefisket i Nordsjøen i 2025, vil fangstar av WBSS i Nordsjøen vere uunngåelege, noko som vil forseinke gjenoppbygging av WBSS bestanden.

Utkast. Urapportert utkast av sild i botnfisket i den sørlege Nordsjøen og Engelske kanal er observert dei siste åra. ICES har ikkje klart å fullt ut kvantifisera omfanget av utkast.

Om verneaspekta

Aktivitetar som har negativ innverknad på gytehabitat bør ikkje tillatast. Aktivitetar som kan ha ei negativ innverknad på silda sitt gytehabitat (for eksempel uttak av grus eller bygging av vindparkar) bør ikkje førekome med mindre effektane av desse aktivitetane er vurderte og vist å ikkje vere skadelege. Førebels er ikkje ICES fullt ut i stand til å kvantifisere nivået og den relative innverknaden av samla påverknad frå anna menneskeleg aktivitet enn fiskeri på bestanden si reproduksjonsevne.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori 1

Bestandsvurderingstype: Alders-strukturert modell (SAM)

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 828 874 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 1 049 521 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY Btrigger): 1 130 747tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,39
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,33
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,32
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): ingen forvaltningsplan
Venta fiskedødsrate F(2-6) i 2024: 0,332
Venta gytebestand i 2024: 1 386 241 tonn

Standardplott

Fire grafer som viser fangster, rekruttering og bestandsutvikling for nordsjøsild fra 1950-tallet til 2023
Sild i ICES område 4 og Div. 3.a og 7.d, haustgytarar. Samandrag av bestandsvurderinga. Den grå diamanten i gytebestandsfiguren er predikert biomasse ved gytetid i 2024. wr er vinterringar (alder).