Publisert: 15.01.2021 Oppdatert: 27.11.2024
I tradisjonelle, opne oppdrettsanlegg sikrar naturlege straumar og tidevatn tilgang på friskt vatn til fisken.
I landbaserte oppdrettsanlegg blir inntil 95 prosent av vatnet i anlegga resirkulert, og vatnet kan kontrollerast nøye. Fordeler med slike anlegg er at ein unngår rømming og ytre påverknader som lakselus og algar. I tillegg krevst det lite tilgang på vatn, og anlegga kan derfor plasserast nesten kor som helst.
Lukka anlegg i sjø, også kalla semilukka anlegg, er ikkje heilt lukka og vil derfor framleis sleppe ut avfallsstoff, mens slammet (overskotsfôr og avføring) kan samlast opp. Fordelene med desse er at anlegga berre tek inn vatn frå djupet, der det ikkje finst lakselus.
Ei av utfordringane med lukka anlegg er risikoen for intern smittespreiing. Virus, bakteriar og parasittar kan fort spreie seg til fleire tankar via vassystemet.
God hygiene er viktig i slike anlegg. Nokre smittestoff (patogen) kan fisken bli vaksinert mot, men det er ikkje alle ting det finst vaksine for. Eit eksempel på dette er gjellesjukdommen AGD (amøbegjellesjukdom).
Fordi biofilteret i tankane består av levande bakteriar, bør ein unngå bruk av antibiotika sidan behandlinga også vil drepe dei nødvendige bakteriane.
I tillegg kan anlegga bli ureina frå for eksempel fisk som blir henta inn frå klekkjeri, eller frå nytt vatn som kjem inn.
Tradisjonelle, opne oppdrettsanlegg er det mest naturnære livet for oppdrettslaksen. I lukka anlegg blir fisken stengt inne og sjukdommar stengt ute. Fisken blir friskare, men samtidig lever den eit meir monotont liv enn i opne oppdrettsanlegg.
Tettleiken, strøymingar i vatnet, lys, temperatur, gassar (oksygen, karbondioksid og hydrogensulfid), surleik (pH) og lys er ting som kan påverke fiskevelferda i lukka anlegg. Dette må nøye følgjast med kontinuerleg og regelmessig kontroll.
Drifta av lukka anlegg krev derfor høg teknisk kompetanse og beredskapsplanar for korleis ein skal møte ulike tekniske og biologiske krisescenario.
Resirkuleringsteknologien som blir brukt i lukka anlegg på land blir kalla RAS (Recirculating Aquaculture System), og vil seie at om lag 95 prosent av vatnet i anlegga blir resirkulert.
Når nesten alt vatnet blir resirkulert, gjer det at det blir brukt mindre vatn og mindre energi. Miljøfotavtrykket blir betrakteleg mindre.
I RAS-anlegg går vatnet frå merdane og gjennom fleire reinsesteg før det går tilbake til fisken igjen. Først går vatnet gjennom eit mekanisk filter som fjernar avføring, spillfôr og andre uønska partiklar frå merdane. Deretter går vatnet gjennom eit biofilter med bakteriar.
Bakteriane i filteret fjernar giftig ammonium og dannar det om til nitrat. Fisk skil nemleg ut ammonium over gjellene, og i tillegg vil nedbryting av proteinhaldige fôrrestar auke ammoniuminnhaldet i vatnet. Ammonium er giftig for fisk, sjølv i små mengder. For å unngå forgifting i eit anlegg der vatnet blir resirkulert, må derfor ammonium fjernast.
Vidare må karbondioksid fjernast frå vatnet, og det må få tilsett oksygen og bli bestrålt med UV-lys og filtrerast for å fjerne mikroorganismar. Til slutt blir det tilsett omtrent fem prosent nytt vatn.
Ei anna utfordring med landbaserte oppdrettsanlegg er at det krevst store areal for å få plass til anlegga.
Det same gjeld utslepp. Anlegga som bruker resirkuleringsteknologi samlar opp over 98 prosent av slammet, som er avføring og rester etter fôr. Her står det att å finne løysingar på kva ein skal gjere med avfallsprodukta frå landbaserte anlegg.
Ein kan for eksempel resirkulere dette til gjødsel i landbruket, eller blande det inn i insektproduksjon, som i neste omgang kan nyttast som ingrediens i fiskefôr.