Publisert: 28.03.2019 Oppdatert: 03.12.2024
Namnet har lodda fått fordi hannen får ei stripe av hårete skjel langs sida i gytetida, då blir han gjerne kalla fakslodde. Hoa er utan denne stripa og blir kalla sillodde.
Gyteområda til denne bestanden er på sør- og vestkysten av Island, mens oppvekstområdet er vest og nord av Island. Områda mellom Nord-Island, Grønland og Jan Mayen blir nytta som beiteområde.
Medan fleire andre loddebestandar gyter heilt oppe i flomålet på strendene, gyter både lodde i Barentshavet og IGJM-lodde på djup frå 10 til 60 meter. Egga vert gytte ved sandbotnen og limt fast til sandkorna i tida fram til klekking. Dei klekker etter om lag ein månad, og larvene driv med klokka rundt Island. Det meste av lodda døyr etter å ha gytt.
Ved Island vert larvane transporterte med straumen langs vestkysten til nordkysten av Island, der også overvintringsområda er, men undersøkingar frå seinare år tyder på at larvene i større grad enn før også driv inn til kysten av Søraust-Grønland. Om sommaren har lodda tradisjonelt trekt nordover mot Jan Mayen for å beite i dei planktonrike områda langs polarfronten, medan vandringa i seinare år i større grad har gått til område lenger vest, tettare inn mot nordaustkysten av Grønland.
Før ho er 10–12 cm et lodda mest raudåte, men kril blir ein viktigare del av dietten jo større lodda blir. Rekrutteringa blir påverka av svingingar i klimaet, men også av predasjon frå torsk, annan fisk, kval og fugl. Torskebestanden er svært avhengig av lodda for vekst og reproduksjon.
Basert på overvakingstoktet i september 2018 blei den modnande delen av loddebestanden ved Island, Aust-Grønland og Jan Mayen (IGJM-lodde) målt til 238 000 tonn. Det midlertidige rådet var eit fiske på 0 tonn. Rådet blir oppdatert basert på toktresultat på gytelodde vinteren 2019.
Haustingsregelen for IGJM-lodde seier at det skal vera minst 95 % sannsyn for at 150 000 tonn lodde eller meir blir igjen for å gyta etter at predasjon og måleusikkerhet er inkludert. Overskotet ut over dette blir då rekna for å kunna haustast berekraftig ettersom lodda døyr etter gyting. Denne haustingsregelen blei godkjend av ICES i 2015, og inneber ein større grad av føre-var-tilnærming til haustinga enn tidlegare.
Noreg har ein kvote på IGJM-lodde fordi bestanden tradisjonelt har vore utbreidd inn i den norske fiskerisona rundt Jan Mayen. Det norske loddefisket ved Island, Aust-Grønland og Jan Mayen skal etter avtale berre skje med ringnot. Den norske kvoten har basis i trepartsavtalen mellom Noreg, Island og Grønland (som også inneheld kompensasjonstillegg), smuttholavtalen med Island og ein avtale med EU.