Blåskjel har vore dyrka i Noreg sidan 1980-talet, men produksjonen er framleis beskjeden i forhold til potensialet. I seinare år er det starta dyrking av blåskjel i eittårs syklus for bruk til fiskefôr, og dette gir nye moglegheiter for blåskjelprodusentar.
Blåskjelmjøl er kanskje den av dei nye marine ressursane som er enklast å ta i bruk til fiskefôr, men framleis manglar ein del utviklingsarbeid. Havforskingsinstituttet arbeider med å kartlegge framandstoff og næringsstoff i blåskjelmjøl. Vi forskar også på effekten av algetoksin frå skjel i fôr til laks.