[29.01.07] Georg Skaret disputerer fredag 2. februar for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga ’Collective behaviour of herring during spawning’. Gjennom studier til havs med ekkoloddmålingar og modellsimuleringar av stimåtferd viser han ei rekkje døme på korleis stimåtferda i gyteperioden reflekterer balansen mellom gyting og faren for å bli spist. Mellom anna viser han for første gong kvifor det oppstår gigantiske timeglasformasjonar hos stimar på gytefeltet.
UiB