Publisert: 17.08.2018 Oppdatert: 04.07.2019
– Eg vil ha alle slags observasjonar frå 2010 og framover, seier masterstudent Erling Boge.
Han skriv oppgåve på Universitetet i Bergen og HI om den utrulege tilbakekomsten til makrellstørja.
Meld inn dine observasjonar via dette skjemaet!
Verdas største tunfisk er tilbake på årleg sommarbeite i Norge, etter lang tid med fråvær som følge av internasjonalt overfiske og dårleg rekruttering. Størjebestanden betra seg kraftig etter at forvaltninga i ICCAT tok tøffe grep for ti år sidan. (Les også: Makrellstørja gjør comeback med stil)
Observasjonar langs kysten har ikkje vore samla systematisk, men det har masterstudenten tenkt å gjere noko med.
– Under dei rette forholda er størjene enkle å få auge på. Dei jagar gjerne byttefisk i overflata og lagar stort leven med plasking og hopping. Det kan vere mykje sjøfugl i same område, forklarar Boge, som vil plotte observasjonane inn i tid og rom og bruke det som ein del av sitt datagrunnlag.
Havforskere Keno Ferter og Martin Wiech havna midt i en stim jagende makrellstørje i Øygarden utenfor Bergen i 2017. (Video: Martin Wiech)
Havforskningsinstituttet bidrar med mykje data og forsking på den atlantiske makrellstørjebestanden. Det norske forskingsbidraget blei også lagt til grunn då Norge i år blei tildelt ein større del av kvotekaka.
I slutten av august reiser 92 utvalde stongfiskarar til Øygarden utanfor Bergen for å bistå HI i satelittmerking av 20 makrellstørjer. Eit slikt prosjekt har aldri før blitt gjennomført i Norge.
(Les også:Får merke 20 makrellstørjer på vestlandskysten og HI søker stangfiskere til makrellstørjemerking)
– Mange av stongfiskarane kjem langvegsfrå, og tida blir knapp. Observasjonar av makrellstørje vil kunne hjelpe oss stort i merkeprosjektet, fortel prosjektleiar Keno Ferter, som saman med andre forskarar skal sette sendar i fisken.
I år deler fiskebåtane «Hillersøy» og «Salvøy» den norske størjekvota. Dei er no på leit etter størja, og vil kunne bidra med sine observasjonar. Samtidig kan også andre båtar treffe på størja, slik som «Toya» som denne veka fekk ei som bifangst då dei tråla utanfor Kvitsøy.
– For å oppsummere er vi interesserte i alle typar observasjonar. Visuelle, frå land, fritidsbåtar, fiskebåtar, bilferga, sonar eller kva som helst. Har du bilde eller video, er det ekstra bra avsluttar Erling Boge.
Gå til skjema for observasjon av makrellstørje