Gå til hovedinnhold

Sjekk reiseruta til makrellstørja


storjekart

Den grønne streken gjennom dei farga områda er den mest sannsynlege reiseruta til makrellstørja. Ruta er kalkulert frå lys, trykk, klokkeslett og temperatur. (Foto: Keno Ferter, Google Earth)

Satellittmerket frå formel-1-fisken har «ringt heim» frå Irland. Det beskriv ei vill ferd.

Den 8. september greidde havforskarane å sette satellittmerke på ei 250 kilos makrellstørje i Øygarden utanfor Bergen.

Totalt to makrellstørjer blei merkte, men den første døydde kort tid etterpå. Andre gongen planta dei merket i ei frisk og rask makrellstørje etter effektive 45 minuttars innhaling. Les om episoden her: Makrellstørje svømmer videre med satellittmerke

– Merket løsna ei stund før tida, men det er ikkje unormalt. Vi kan sjå at denne størja var i live og at merket sleit seg, fortel havforskar Keno Ferter, ansvarleg for merkeprosjektet.

Satellittmerket har likevel vore med på eitkvart

– I dei 33 dagane merket hang på formel-1-fisken, har den gått frå luftige sprang til dykk på utrulege 487 meter. Den har svømt gjennom temperaturar frå 3,5 til 17,2 grader, seier Ferter, som no har levert sluttrapport frå merkeprosjektet.

Etter Øygarden sette størja mest sannsynleg kursen sørover før den snudde tilbake mot Norskekysten. Deretter kryssa den Nordsjøen, passerte Shetland sin nordlege kyst, og fauk sørover vest av Irland. Der falt merket av, flaut til overflata og sendte data heim.

– Vi har no fått 33 dagars uvurderleg førstehandskunnskap om vandringa og åtferda til éin av dei aller nordlegaste av kjempefiskane.

Blir merking også i 2019

Verdas største tunfisk er tilbake på årleg sommarbeite i Norge etter lang tid med fråvær som følge av internasjonalt overfiske. Det er dei aller største individa som kjem hit, til deira nordlege levegrense. (Les også: Makrellstørja gjør comeback med stil)

Dataa frå det norske prosjektet går inn i eit stort internasjonalt datasett for makrellstørja. Den atlantiske tunfiskkommisjonen ICCAT brukar forskinga til å sikre berekraftig forvalting av den tidlegare truga arten.

– Og vi ønsker å bidra endå meir. Vi har nettopp sikra støtte til eit nytt merkeprosjekt neste år, fortel Keno Ferter.

[Oppdatering 07.03.2019: Etter budsjettendringar skal HI ikkje organisere eit eige merkeprosjekt i 2019. Forskarane undersøker alternative løysingar og tar sikte på at makrellstørjer kan bli merkte likevel.]

Tar med erfaringane til framtida

– Gjort rett er stongfiske den klart mest skånsame metoden for merking av makrellstørje. Framtidig merking vil derfor likne på årets merkeprosjekt.

– Saman med restar av ein tropisk syklon, gjorde utfordringar med reising og logistikk at vi fekk færre timar på sjøen enn eg hadde håpa. Men satellittmerking av stongfiska makrellstørje har aldri vore gjort før i norske farvatn. Vi tar med oss alle erfaringane frå i år til merking av makrellstørje i framtida, seier havforskaren.

Prosjektleiar Keno Ferter bemannar merkebåten saman med merkeekspert Sean Tracey frå Tasmania. (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)

Referanse

Ferter, K., Tracey, S., Hinriksson, J., Bjelland, O., Onandia, I. and Nøttestad, L. (2018) Tagging of Atlantic bluefin tuna (Thunnus thynnus) with pop-up satellite archival tags (PSAT) in western Norway during 2018, Final project report prepared for the International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas (ICCAT) / Grand Bluefin Year Programme (GBYP) 2018 – Phase 8, pp 12. LENKE