Gå til hovedinnhold

Set ut på årets sildegytetokt


sild4

"Eros" gjer seg klar til å sette baugen mot Tromsø. Jostein Røttingen, toktleiar Are Salthaug, skipper Pål Cato Reite og lærling Adrian Helde Romøy. Foto: Merete Kvalsund

ÅLESUND: Med innleigde «Kings Bay», «Vendla» og «Eros» set forskarane ut for å møte silda som kjem til kysten for å gyte.

Gytetoktet er ein viktig del av bestandsovervakinga for nvg-sild. Det går årleg langs kysten frå Ålesund til Tromsø for å skaffe data om kor mykje sild som sig inn for å gyte.

Saman med det internasjonale økosystemtoktet i mai og fangsttal og prøver frå fiskarane, dannar toktet grunnlag for den endelege bestandsberekninga og kvoteråd for nvg-silda.

Målar med ekko og trål

Først og fremst er gytetoktet eit akustisk mengdemålingstokt. Det vil seie at forskarane brukar ekkolodd for å estimere ein mengdeindeks. I tillegg brukar dei sonar for å studere om der er sild i blindsona til ekkoloddet, og om silda unnviker fartøyet.

For gi best mogleg råd om neste sildekvote, må forskarane også vite aldersfordelinga, altså kor mykje det er av dei ulike årsklassane. Dei må ta prøver av eit visst tal enkeltsild. På toktet fangar dei derfor sild med trål langs heile strekninga. Fangstprøvane blir analysert forløpande om bord, og sett i samanheng med sildestimane på ekkoloddet.

Gytebestanden har dratt på åra

Nvg-silda er ein av dei viktigaste kommersielle bestandane i norske farvatn. Gytebestanden har vore dominert av sild frå den store årsklassen frå 2004. Silda som blir fiska er dermed relativt gammal, og bestanden har vore på veg ned i fleire år.

Forskarane anbefalte ein kvote på 384.197 tonn i 2018, mot 437.364 tonn i 2017. Gå til gjeldande kvoteråd.

- På økosystemtoktet i mai i fjor, var 2013-årsklassen mest tallrik. Denne gyter for første gong i år, og vi er spente på kva utslag den vil gjere på gytetoktet, seier toktkoordinator Aril Slotte før seilas.

Dataa HI no skal samle inn går inn i berekningane til Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) og kvoterådet for 2019.