Publisert: 19.02.2018
– Med stille vêr og opent hav var det udramatisk for mannskap og toktdeltakarar. Toktet var også ferdig, og skipet skulle heim til Bergen, seier HI sin rederisjef Per Wilhelm Nieuwejaar.
Det var smøreoljefordelaren som sprang lekk. Etter reparasjon viste registeret seg å vere laust.
Kystvakta ved «KV Bergen» bistod og slepte «Kristine Bonnevie» til Sletta utanfor Haugesund. Der venta Redningsselskapet ved "Bergen Kreds", for å ta dei med vidare til verkstaden på Rubbestadneset på Bømlo.
– Motoren er produsert der, så du kjem ikkje nærmare den rette kompetansen, seier Nieuwejaar.
Det er uklart kor lang tid reparasjonane vil ta.
Neste tokt på programmet er eit vekelangt tokt som ser ut til å måtte vike i denne omgang.
– Vi jobbar med å omrokere i toktprogrammet og ser etter opningar seinare i år for dei tokta som blir råka, avsluttar han.