Gå til hovedinnhold

Signerte samarbeidsavtale om plastkartlegging


sisselkongsberg

Havforskningsdirektør Sissel Rogne fortalte om HIs plastkartlegging før avtalen ble signert sammen med (f.v.) adm. dir. Harald Solberg, Norges Rederiforbund, adm. dir. Lasse Kristoffersen, Klaveness, og Geir Håøy som er konsernsjef i Kongsberggruppen.

Fotograf: Odd Eirik Skjolde

Ein brei allianse mot marin forsøpling er inngått på Kongsberg no i sommar. Klaveness rederi, Kongsberg Gruppen, Havforskingsinstituttet og Rederiforbundet skal utvikla eit kartleggingskonsept for plast i havet.

Det svinga av seansen som var lagt til Kongsberg Jazzfestival – ute skein sola og innomhus signerte dei fire samarbeidande partane avtalen med eit smil – alt under statsminister Erna Solbergs stødige blikk.

Endringar i havet

Samarbeidsavtalen omfattar også havforsuring og andre klimarelaterte endringar som skjer i havet, men onsdag var det plasten som var i fokus. Dei siste åra har det vakse fram ei erkjenning om at skal ein koma den marine forsøplinga til livs, må det skje på tvers av sektorar og gjennom samarbeid mellom fleire aktørar.

Tverrfagleg samarbeid

Kongsberg Gruppen skal utvikla sensorteknologien som skal brukast i kartlegginga. Inntil fem skip frå Klaveness blir utstyrte med sensorar, og skal ta prøvar medan dei er i vanleg trafikk. Havforskingsinstituttet er vitskapleg ansvarleg for planlegging av datainnsamling, analyse og tolking av data.

– Sensorar på skip gjev oss tilgang til data frå enorme havområde og over store avstandar. Slik får vi økt kunnskap om korleis mikroplast spreier seg og dei miljømessige konsekvensane av denne forureininga, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne.