Gå til hovedinnhold

Gode tilbakemeldingar om sildelotteriet


mann legger sild ned i kurv med flere sild i

I løpet av sildefiskesesongen vart det bestilt 18 prøvar med det nye systemet. Av dei er no 11 mottekne og opparbeida på fiskelabben ved HI.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI

Sildelotteriet har stor nytteverdi. Med denne forma for prøvetaking bidrar fiskarane sterkt til presise og korrekte kvoteråd.

Nyleg møtte Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet representantar frå Fiskebåt, Pelagisk foreining og Sildelaget for å diskutera erfaringane frå sildelotteriet. Dualog og iFisk, som begge leverer programvare for elektronisk fangstdagbok, deltok også.

Utvidar til kolmule

Tilbakemeldingane frå dei frammøtte på møtet var stort sett positive. Det same var resultata frå ei spørjeundersøking gjort blant dei fiskarane som deltok i «lotteriet» i vinter. Forskingsdirektør Geir Huse poengterte at nytteverdien av eit slikt system er svært stor, og at dette er ei av dei viktigaste konkrete oppgåvene fiskarane sjølv kan bidra med for å få presise og korrekte kvoteråd.

IResultata frå opparbeidinga blir gjort tilgjengeleg med det første.
Truleg vil ordninga bli utvida til kolmule frå 2019, men for 2018 er det fartøy som skal fiska sild som vert bedne om å ta prøvar på denne måten. Det er og internasjonal interesse for ordninga, som vil bli grundigare presentert for ICES etter kvart.

Alle må med

Det er alltid viktig med nok informasjon når nye ordningar vert innført. Eit særleg viktig tiltak i fortsetjinga er å få informasjon ut til dei pelagiske mottaksanlegga. Anlegga tek i mot prøvane frå fiskefartøya, og vidaresender dei til HI med jamne mellomrom.
Den aller viktigaste tilbakemeldinga var at HI må syta for å få med alle aktuelle fartøy i ordninga. I startfasen har berre fartøy med programvare levert av iFisk vore med, og det er heilt avgjerande at også dei to andre leverandørane av elektronisk fangstdagbok får oppdatert programvara si. Dette vert nok ikkje heilt klart no til sesongen for  nordsjøsild, men er eit prioritert arbeidsområde.